HILDE KRISTIN STRAND

Langt nede i ein container på Sotra låg det nemleg ein nødpeilesendar frå «Vigdis Knutsen», ein av båtane til Knutsen OAS Shipping.

Både Post— og teletilsynet og eit helikopter rykka ut for å få stoppa sendaren. Han vart levert i land på Sture etter å ha vorte bytta ut med ein ny, og hamne etter kvart på Sotra. Etter nokre veker gav han lyd frå seg.

— Dei som jobba på staden fann han ikkje. Me har peileutstyr, så me fann sendaren langt nede i bosset. Truleg hadde det danna seg fukt som gjorde at han sendte ut signal, seier overingeniør Åsgeir Henriksen i Post- og teletilsynet.

Sendarane, som alle yrkesfartøy er pliktige til å ha om bord, vert nemleg aktivert når dei kjem i vatn. Dei sender ut signal via ein satellitt til Tromsø, og herifrå ringjer ein så til Hovedredningssentralen på Sola.

- Måtte brukt Sea King

— Nødsystem er gode når dei fungerer, seier redningsleiar Jan Lillebøe ved Hovedredningssentralen på Sola.

Onsdag hadde dei eit helikopter på Flesland som kunne dra ut. Elles måtte ein sendt ut eit Sea King redningshelikopter for å peila og stoppa pipinga frå containeren.

Lillebøe fortel at det finst ulike typar sendarar. Dei nyaste identifiserer både eigaren og posisjonen med ein gong, medan signal frå den eldre typen er vanskelegare å plassera nøyaktig med ein gong. Onsdag var det ein nødpeilesendar av den nyaste typen som gav lyd frå seg. Alle nye sendarar som vert montert i båtar, er av denne typen.

- Ulv, ulv

Lillebøe fortel at det ikkje er første gongen ein rykkjer ut for å stoppa sendarar som har løyst seg ut utan grunn.

— Me har til og med hatt sendarar som sendte ut signal medan dei vart frakta i trailer. I fly er det sendar i halepartiet, og desse løyser seg av og til ut dersom flyet har ei hard landing, fortel han.

Også Telenor Maritim Radio kan fortelja liknande historier.

Gamle sendarar som har vorte gitt som gåve vert ofte plassert i naust eller på loft. Desse gir gjerne lyd frå seg etter ei tid.

— Folk burde vera flinkare til å sjekka at batteriet faktisk er fjerna. Signala vert sendt ut når batteriet er i ferd med å gå ut. Det er sjølvsagt bra at folk ikkje er i nød, men får ein falske signal mange nok gonger, er det fare for at ein ikkje tek det så alvorleg lenger. Det vert som å ropa ulv, ulv, seier Lillebø.

Han seier òg at dersom falske og ekte signal kjem samstundes, kan ein blanda dei saman, slik at det tek lenger tid å koma fram til dei som faktisk er i nød.