Politiet fann fleire hundre pornofilmar, pornobilete og sex-effektar då dei ransaka huset til 42-åringen etter arrestasjonen 7. oktober.

— Når det gjeld dette med seksualitet: Korleis vil du skildre deg sjølv på det området? spurde aktor Jogeir Nogva.

— Normal, svarte 42-åringen.

— Du har ikkje nokon ekstra «drive» med tanke på seksualitet i samband med alkoholbruk?

— Nei, svarte den tiltalte, som fortalde at han den siste tida ikkje har hatt nokon partnar, men at dette ikkje har vore noko problem for han.

Han kommenterte alle sex-effektane som vart funne heime hos han som «heilt normale».

— Eg er ikkje sex-fiksert. Det er eg ikkje. Filmane ligg ikkje og sleng i huset mitt, og det er berre ein halv vegg på soverommet der eg har bilete av damer. Eg brukar ikkje mykje tid på sex, sa 42-åringen.

Han fekk også detaljerte spørsmål om oppførselen sin i fylla, og om alkoholbruken.

— Når eg først drikk, så drikk eg. Eg har eit problem då; eg greier ikkje å slutte. Blir eg bydt ein pils midt i veka, må eg seie nei, sa 42-åringen.

— Det skapte ein del problem for meg på arbeid tidlegare, med mykje fråver måndagane. Eg var fyllesjuk, sa den tiltalte.

Anne Slåtten sin mor, far og andre familiemedlemmar følgjer saka i Fjordane tingrett.

Retten gjekk kl. 12 til lunsj. Etterpå held utspørjinga av 42-åringen fram.

<b>I RETTEN: </b>Aktor Jogeir Nogva og forsvarar Ivar Blikra.
ODDLEIV APNESETH