Eit stort apparat blei sett i sving då feilen blei oppdaga. Heile brannkorpset i kommunen blei kommanderte ut for å varsle brukarane om at dei ikkje måtte bruke vatn.

— Årsaka til forgiftinga var feil i doseringa i vassverket, seier ordførar Kristen Hundeide til NRK Sogn og Fjordane.

Det var like etter klokka åtte i går kveld at alarmen gjekk. Altfor store mengder lut gjekk ut i drikkevatnet til abonnentane i Haugen og Stårheim-området. Lut blir brukt for å heve surheitsgraden i vatnet, men i for store mengder kan stoffet vere svært skadeleg.

Lenge frykta dei ansvarlege for vassverket at mengda lut i vatnet var så høg at det kunne gi alvorlege og store etseskader. Men prøver av vatnet viste at sjølv om det var langt større mengder lut enn det burde vere, var ikkje nivået så høgt at det kunne gitt alvorlege skader.