27. juni, 1999. Det er sundag morgon hos familien Viik på Mønshaugen. Solfrid har nettopp laga frukost. Mens Ivar gjer seg ferdig på badet, går ho ned i kjellaren for å hente kotelettar i fryseboksen.

På veg opp igjen høyrer Solfrid ei veldig pusting frå baderommet. Ho opnar døra. Ivar ligg på golvet.

Døtrene Guro og Ellen kjem springande. Nabokona blir tilkalla, ho er sjukepleiar. Ivar blir først køyrt med ambulanse til sjukehuset på Voss, deretter frakta i helikopter til intensivavdelinga ved Haukeland universitetssykehus.

Ei blodåre i hjernen har sprukke. Ivar blir operert same ettermiddag. Ein beinlapp må fjernast på grunn av farleg høgt trykk i hjernen. I elleve dagar er han bevisstlaus. Ingen veit om han kjem til å overleve.

— Det var tøffe døger. Men heile tida hadde vi eit håp om at han skulle klare det, seier Solfrid Viik fem år seinare.

Tretti år på brøytebilen Nyoperert, lam i venstre side og ute av stand til gå. Ivar Viik forstod ingenting då han vakna opp på intensiven på Haukeland.

— Eg hugsa ikkje kva som hadde skjedd, eg skjønte ikkje kvifor eg låg der, fortel han til BT.

Ifølgje ei av døtrene er Ivar Viik ein utålmodig og sta mann. Det skulle kome godt med. Han bestemte seg raskt for å ta sitt gamle liv tilbake.

— Eg ville opp igjen. Eg, som hadde køyrt brøytebil i over tretti år, lova meg sjølv at eg ikkje skulle gje meg før eg sat i bilen igjen.

I tre månadar låg han på Haukeland. Den siste perioden var han pasient på rehabilitering. Kvar fredag vart han henta av Solfrid, Guro og Ellen, og så køyrde familien heim til Mønshaugen for helga.

— Familien sa klart ifrå at dei ville ha meg heim, sjølv om eg sat i rullestol. Det var godt, seier han med ettertrykk.

— Dei har ikkje stått på pinne for meg, men vore tøffe nok til å seie: «Du får prøve sjølv først. Me hjelper deg dersom du ikkje får det til».

Det tok tid. Men Ivar Viik vart kvitt rullestolen til slutt. Etter eit års sjukmelding var han tilbake på jobb i vegvesenet. I dag er det einaste synlege minnet eit djupt søkk over høgre tinning.

— «Du var berre millimeter frå døden», sa legen som opererte meg. Eg har vore fordømt heldig, seier 56-åringen.

Gode hjelparar

Ivar Viik køyrde brøytebil igjen. Men berre éin gong.

— Det er ikkje eit arbeid for meg lenger. Men eg saknar brøytebilen, det tøffe arbeidet og den gode kjensla når eg kan hjelpe andre til å køyre trygt.

Han blir fortare trøytt, gløymer meir enn før, og er blitt redd for høgder. Like fullt lever familiemannen eit normalt, aktivt liv. Ivar Viik jobbar åtti prosent, går i fjellet, reiser utanlands, trenar ein gong i veka, dyrkar hobbyen sveiping og held kurs i handverksteknikken.

— Folk ser rart på meg når eg seier at eg også opplevde mykje godt i samband med sjukdomen, seier han til BT.

— Sjølvsagt skulle eg gjerne vore dette forutan. Ofte har det vore tungt, og ja, eg har vore bitter. Men eg har kjempa meg gjennom, og familie, naboar, arbeidskameratar og andre har vore flinke til å inkludere meg. Utan så mange gode hjelparar veit eg ikkje korleis dette hadde gått.

OVERLEVDE INTENSIVEN: Kvart år svevar 10.000 nordmenn mellom liv og død på landets intensivavdelingar. Sytti prosent overlever, viser ein ny doktorgrad i Bergen. Ein av dei er Ivar Viik (56), som heilt utan forvarsel fekk hjerneslag ein sommarmorgon i 1999. Elleve døger seinare vakna han opp på Haukeland universitetssykehus. <br/>Foto: RUNE SÆVIG