— Mannen dreiv og kappa ved då kappsaga velta over den venstre foten hans. Han er sendt til Haukeland med luftambulanse, seier operasjonsleiar Ragnar Lyssand i Hordaland politidistrikt.

Helse Bergen opplyser til bt.no at tilstanden til mannen er alvorleg og stabil. Han får no behandling ved sjukehuset.

Ulykka skal ha skjedd på Utkvitno på Voss.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 14.50 fredag.