Klokka 08.40 mandag morgon vart det meldt om ei arbeidsulukke hos eit firma i Strandavegen på Voss.

— Ein 31 år gammal mann fekk fingrane inn i ei kappemaskin for stålplater. Han fekk kappa av tre fingrar og vart køyrd til Voss sjukehus, seier politiførstebetjent Einar Bystøl ved Voss lensmannskontor til bt.no.

Arbeidstilsynet er varsla om ulukka.