Innbrotet skjedde ved hjelp av ein stige opp til andre etasje i eit bustadhus på Sunde i Sunnhordland natt til 24.august i fjor. Safen blei lempa ut vindauget og kjørt bort medan det var folk i bustaden.

Då dei tre kameratane i 20-åra opna safen, viste det seg at han inneheldt heile 445.000 kroner i kontantar, tre gonger så mykje som hovudmannen bak tjuveriet hadde fått informasjon om.

Hovudmannen, ein 24-åring som nyleg har stått tiltalt for forholdet i Sunnhordland tingrett, hadde prøvd seg på safen kvelden før, men måtte gje opp. På puben kvelden etter fekk han med seg to kameratar.

Ein av kameratane fekk angst etter kuppet og fortalde mor si kva han hadde vore med på. Ho tok kontakt med den andre medhjelparen, og saman melde dei seg for politiet.

Tjuven som først angra seg, gav full forklaring til politiet. Men i rettssaka sa han at han ikkje hugsa noko. Det trudde ikkje dommaren på, ettersom mannen i retten korrigerte ein detalj om bilen sin i den oppleste politiforklaringa.

Den 24 år gamle hovudmannen som har hatt saka for retten, er dømt til seks månaders fengsel. Han må i tillegg betala 4000 kroner i erstatning til mannen som eig safen.