Den tyske mannen ligg på Haukeland Universitetssjukehus med alvorlege hovudskadar etter å ha fått ei isblokk frå Briksdalsbreen over seg. Ulykka skjedde i Stryn torsdag formiddag.

Gjekk forbi sperring

Mannen hadde gått forbi sperringa, og skal ha stått kloss inntil breen då han fekk isblokka over seg.

— Han hadde forsert kjettingen som er sett opp ved varselskilta. Det losna is frå breen som trefte mannen i hovudet, seier operasjonsleiar Odd Arve Solvåg i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Operert for hovudskadar

Lensmann Inger Lill Lanes ved Stryn og Hornindal lensmannskontor seier til Fjordingen at mannen var saman med eit følgje frå eit cruiseskip i Geiranger. Ingen skal ha sett sjølve ulykka. Mannen vart funnen av ein annan turist, som varsla AMK-sentralen.

Tyskaren blei frakta med luftambulanse til Haukeland Universitetssjukehus, og er no operert for skadar i hovud- og brystregionen.

— Tilstanden hans er kritisk. Han får behandling på intensivavdelinga, opplyser Haukeland sjukehus til bt.no fredag kveld.

Tilstanden til tyskeren er fortsatt kritisk, får bt.no opplyst på Haukeland mandag morgen.

Åtvarer andre

Politiet har sett opp sperreband framfor Briksdalsbreen for å varsle andre turistar om at dei ikkje må gå inn til breen. Meir permanente tiltak vil bli vurderte etter det som har skjedd, ifølgje Fjordingen.

bt.no har tidlegare skrive at turistar ikkje bryr seg om skiltinga som åtvarar mot rasfare ved Briksdalsbreen.