— Det stemmer at vi hadde problem denne dagen. Mannskapet hadde ikkje tid til å sjekka kva som var gale, så dei tok difor med seg ein del utstyr og rykte ut med eigne bilar, seier varabrannsjef 2, Torgils Våge til Kvinnheringen.

Det viste seg at coil-ledningen på brannbilen hadde ramla av coil-hovudet, og på mannskapsvogna viste batteriet seg å vera flatt.

— Det verkar rart at coli-ledningen fell av av seg sjølv, så ein kan lura på om det har vore uvedkommande inne på stasjonen, seier Våge.