Mannen arbeidde på lageret og skulle hjelpe til då nokre kasser datt ned frå ein truck.

— Mannen bøygde seg ned og fekk armen frå trucken i hovudet. Han blei sittande i klem mellom armen på trucken og golvet, seier lensmannsbetjent Knut Rønneid ved Sogndal politistasjon.

Armen på trucken veg ca 250 kilo. Ulukka skjedde torsdag klokken 16.30, og mannen blei sendt med helikopter til Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane i Førde.