Det står striden om når det nederlandske forsikringsselskapet London Verzekeringen møter Fjord1 Fylkesbaatane i Fjordane tingrett. Konklusjonen retten kjem til vil avgjere kven som skal betale reparasjonen av bubilen for 140.000 kroner.

Partane har vidt forskjellige oppfatningar om sentrale fakta i saka. Hollendarane hevdar ferjemannskapet handla uforsvarleg og sleppte hengedekket ned på bubilen. Fjord1 Fylkesbaatane meiner det er fysisk umogleg.

Mange bilar tett i tett

Meir enn to år er gått sidan dramatikken utspelte seg på ferja «Sunnfjord» mellom Dragsvik og Vangsnes.

Eit nederlandsk ektepar er på sommarferie i fjordlandet. 4. august har dei kome til Dragsvik på nordsida av Sognefjorden. Her køyrer dei om bord i ferja som skal ta dei til Vangsnes på sørsida.

Ferjekøen er lang og mannskapet på «Sunnfjord» stablar det dei kan for å få flest mogleg med. Den nederlandske bubilsjåføren blir dirigert på plass tett opp til hengedekket. Over fjorden står bilane tett i tett. Både på sjølve ferjedekket og det påbygde hengedekket er det fullt.

Det er då dei hollandske feriegjestene skal til å køyre i land på Vangsnes at det går gale. Det blir kontakt mellom bubilen og hengedekket. I møtet med det massive dekket får bubilen store skader. Taket blir ramponert. Ein av soveplassane blir øydelagt, og sida på bilen får bulkar og riper. Rekninga kjem på 140.000 kroner.

Aktlaust mannskap

Så langt er partane samde, men der stoppar det også. På det sentrale spørsmålet om kva som skjedde då bubilen blei påført skadane, vil retten bli presentert for to vidt forskjellige versjonar.

— Det nederlandske ekteparet blei plasserte kloss inntil ein rampe på hengedekket. Mannskapet tok til å senke lemmen på hengdekket i det dei skulle til å køyre i land. Rampen slår ned i taket på bubilen og vidare nedover sida. Vi meiner ferjemannskapet oppførte seg aktlaust. Vårt krav er at Fjord1 Fylkesbaatane dekkjer utgiftene og sakskostnadene, seier advokat Olav Gunnheim.

Det nederlandske ekteparet har fått oppgjer. Gunnheim representerer forsikringsselskapet som krev regress.

I retten vil advokaten vise videoopptak han meiner beviser at ferjemannskap senkar hengedekka før bilane på sjølve ferjedekket har køyrt i land. Han seier det nederlandske paret fekk litt av eit sjokk då det small.

— Dei slapp heldigvis unna utan skader. Men for dei var dette ei skummel oppleving. Rett etterpå kontakta dei politiet.

Uråd

Fjord1 Fylkesbaatane avviser erstatningskravet kategorisk. Kronargumentet i retten vil bli vitale mål som viser at det umogleg kan ha skjedd slik nederlendarane hevdar.

— Høgda mellom ferjedekket og hengedekket er 2,45 meter. Bubilen var 3,03 meter høg. Bilen kan altså ikkje ha vore under hengedekket. Vi meiner det rett og slett er fysisk umogleg, seier Fjord1s representant, advokatfullmektig Joakim Bronder.

— Kva meiner så Fjord1 har skjedd?

— Sjåføren må ha svinga til høgre i det han løyste bilen. Dermed har han køyrt inn i hengedekket, og står sjølv ansvarleg for skaden. Han har i tillegg kryssa ei heiltrekt gul sperrelinje som er på ferjedekket, seier Bronder.

PRIVAT