Andersen driv og restaurerer badet til foreldra sine, som er på ferie, og sat på kjøkkenet då han oppdaga gjesten.

— Klokka var åtte om morgonen, og eg ville ha meg litt kaffi før eg begynte å arbeida. Idet eg tok i kaffikanna, høyrde eg at det rasla kraftig i persiennene i stova. Kva i svarte er det for noko, tenkte eg, fortel Andersen.

Då han gjekk inn i stova, såg han at det sat eit dyr mellom persienna og stovevindauget. Men han klarte ikkje å sjå kva det var.

— Først tenkte eg at det var ein liten sporv. Men så såg eg at dyret var mykje større enn det, seier han.

Det var firda.no som først skreiv om fuglehistorien.

Spurvehauk

Andersen måtte til slutt gå ut av huset for å studera gjesten nærmare.

— Då såg eg at det var ein stor fugl. Han var rundt 30 centimeter høg. Eg veit ikkje kva fugl det var, men det såg ut som ein falk eller hauk, seier han.

Ornitolog Tore Reinsborg kan fortelja at det er ein spurvehauk.

— Det er den vanlegaste hauken me har, men det er uvanleg at han tar seg inn i hus, seier Reinsborg og flirer.

Men ifølgje Reinsborg er det vanleg at spurvehauken tar seg inn i hagar. Spurvehauken hekkar også ofte nær bustadområde, og manøvrerer ifølgje ornitologen fantastisk i lufta.

Andersen trur fuglen har kome seg inn ei knust rute på kjøkkenet. Ornitolog Frode Falkenberg ved Universitetet i Bergen trur hauken kan ha sett noko interessant inne i huset.

— Kanskje han jakta på ein liten fugl som gøymde seg der, seier Falkenberg.

Fuglejakt i stova

I håp om å få spurvehauken ut, utstyrte Trond Andersen seg med caps og hanskar.

— Fuglen blei heilt vill. Først sat han litt på TV'en, så litt i ein stor potteplante, før han flaug tilbake til persienna. Eit par gonger flaug han rett imot meg. Men han gjekk heldigvis ikkje til angrep, sjølv om han hadde kraftige klør, seier 39-åringen.

Andersen ville gjerne få hauken ut i live, og etter tre kvarter klarte han til slutt å få han ut vindauget.

— Var du redd?

— Redd var eg vel ikkje, men eg tenkte at han kunne klora. Og eg kvapp skikkeleg då eg høyrde raslelydane frå stova. Eg visste jo at det ikkje var andre folk i huset, seier Askvoll-mannen.

Ornitolog Tore Reinsborg seier at Andersen gjorde lurt i å ta på seg hanskar.

— Spurvehauken har sylskarpe klør, og er ein av dei verste artane å handtera. Han kan klore folk til blods utan problem, seier fugleeksperten.

«Falcon Crest»

Ifølgje Andersen kom spurvehauken frå besøket i god behald.

— Han såg frisk og fin ut då han flaug av garde. Han flaug først rett opp og tok eit par rundar rundt huset, før han forsvann. Det var ein steike fin fugl, seier han.

Andersen har også tenkt på namn til den spesielle gjesten.

— Viss det er ein falk, så er jo «Falcon Crest» eit passande namn, seier Trond Andersen og ler.

Kjenner du til liknande historiar? Skriv eit innlegg her.

TROND ANDERSEN (MMS)
KRAFTIG VENGESPENN: Spurvehauken har sylskarpe klør og stort vengespenn.
TROND ANDERSEN (MMS)