Episoden fann stad på ein mekanisk verkstad på Leirvik klokka 12.30 i dag.

Snekkeren skal ha fått handa i ei sag. Han er frakta til sjukehus.

Skadeomfanget er førebels ikkje kjend, skriv Haugaland og Sunnhordaland politidistrikt i loggen sin.

Politiet har undersøkt staden kor ulukka skjedde og Arbeidstilsynet er varsla.