— Det er som om vi er blitt gifte på nytt, seier det gjenforente ekteparet Jamac Nuur Mohamed og Qali Mohamed Warsame.

Vi er på besøk hjå den afrikanske familien i Førde ein lørdag føremiddag i desember.

Fra svart til grått hår

Familien på åtte myldrar rundt oss i den romslege stova i det kommunale leigehusværet. Utanfor vindauga er det snødekt landskap og minusgrader.

Overgangen til bitande norsk vintervær ser ikkje ut til å ha skremt korkje kona eller dei seks barna i alderen ti til nitten år.

55 år gamle Jamac flykta frå Somalia då valden kom for tett innpå. 10. september 2001 kom han til Oslo. Han budde to månader på mottak der, før han vart flytta til Bergum asylmottak i Førde.

Rommet var lite, tilværet var einsamt, tankane gjekk til kona og barna.

— Eg tenkte så mykje. Heldt på å bli heilt gal, fortel han. - Håret mitt vart grått, men no skal det bli svart igjen! For eg har fått tilbake familien min. Eg søv godt om natta igjen. Det er heilt fantastisk.

Julebord i stova

I starten hadde Jamac lite å ta seg til, og dei tunge tankane plaga han sterkt. Korleis skulle framtida bli? Ville han nokosinne sjå igjen familien sin?

Litt betre vart det etter at han fekk opphaldsløyve, og særleg etter at han i 2004 fekk jobb på ein dekkverkstad i Førde. Dermed gjekk i alle fall dagane med til noko meiningsfullt, og han kunne tene eigne pengar og betale for seg.

Jamac jobbar framleis full tid på dekkverkstaden. Han betaler sjølv familiens utgifter, inkludert husleiga for familiens kommunale husvære.

  • Det går fint på jobben, eg har veldig hyggelege kollegaer der, seier han. - Vi er som brør, eg er einaste muslimen der, men det går veldig bra.

Han gestikulerer medan han snakkar, og det formeleg lyser av ansiktet når han fortel om kor bra alt er blitt.

Eldste dottera, Kafiya på 19 år, serverer oss kaffi. Jamac byr oss pepparkaker frå ein boks.

  • Julebord, gliser han på gebrokkent norsk.

Mykje sko å rydde

Det var 12. november at kona Qali og dei seks barna kom til landet, med fly frå Addis Abeba i Etiopia. Her i Norge hadde Jamac sjølv spart opp til billettane og sendt pengane.

— Å, eg var så redd for at ikkje alle barna skulle kome med, seier han. - Men no er eg berre glad.

Etter sju år i landet snakkar Jamac svært lite norsk, og han skjønar at heile familien no må ta eit tak.

— Språket er vanskeleg. Kona mi og dei to døtrene våre skal gå kurs på Norsksenteret for å lære. Gutane går på skulen, forklarer han.

Overgangen til nordisk vinterklima har vore brå og tøff.

— Eg hadde aldri sett snø før, fortel Qali. - Men vi er veldig glade for å vere her. Vi tar på oss tjukke sko og to jakker, så går det bra.

Dei fire gutane, som er i alderen ti til femten år, har allereie trilla sine første snøballar.

— Dei likar godt å vere ute, men dei må lære seg å vere litt rolege også, seier mora om dei fire villstyringane.

— Det blir så mange par med sko. Så masse å rydde!

Fotball på glattisen

Jamac har brukt månaden som har gått til å vise familien rundt i byen.

— Vi er utan bil og har vanskeleg for å reise så langt. Men vi er ute og handlar, barna syklar og spelar fotball, seier han.

Vi avsluttar besøket med ein tur ut saman.

Vintersko blir knytte på, det blir fingra med knappar og glidelåsar i jakker. Enno er ikkje all påkledinga noko som heilt sit i fingrane på dei nyankomne.

Ute på det isete tunet framfor rekkjehuset startar gutane straks å drible rundt med ein fotball, og snart pesar dei skyer av frostrøyk. Fleire får problem med fintar og dragningar på det uvant glatte underlaget. Men på forunderleg vis held dei seg stort sett på beina.

Foreldra og eldstesøstrene ser på. Eg snur meg mot Jamac:

  • Så du trur det skal gå bra her i Norge no når alle er komne?

Han lyser opp.

— Oooja, seier han. - Mykje, mykje!

Øystein Torheim