— Dette er eg svært glad for, seier Kjell Underlid til Bergens Tidende.

Som BT skreiv i desember i fjor, vart psykologen og 1.amanuensisen ved Høgskulen i Bergen overvaka i 22 år fordi han mellom anna var medlem av Sosialistisk Folkeparti og seinare Norges Kommunistiske Parti.

— Pengane er ein ting. Dei ser på som eit symbol. Det som kjennest best er at staten har akseptert at eg skal få oppreising for eit overgrep som er gjort mot meg Men det kjennest nesten underleg at eg får erstatning når eg veit at aktivistar som Terje Kolbotn i Odda og andre med omfangsrike mapper, har fått avslag.

Lesarbrev i mappa

Det var 15 dokument i mappa som Underlid fekk frå Innsynsutvalet i fjor haust. 10 av dokumenta var registrerte etter 1977 då det vart ulovleg å overvaka nokon for politiske meiningar.

Underlid seier at Innsynsutvalet har hekta seg opp i to dokument som gjev grunnlag for erstatning. Det eine er eit lesarbrev han skreiv i Firdaposten i 1971. Der kritiserte han USA for napalmbombinga i Vietnam.

Innsynsutvalet meiner det er sannsynleg at desse opplysingane vart gjeve til Forsvaret, og at Underlid difor ikkje kom med på kurs han søkte på då han var i militærteneste.

Innsynsvalet har også funne at Underlid skal ha oppreisning for at det er registrert at han stod på vallista til Sosialistisk Folkeparti tidleg på 70-talet.

Sjølv er Underlid litt forundra over at det er nett desse to dokumenta som har gjeve grunnlag for erstatning, spesielt fordi han vart overvaka like fram til 1993, i alt 16 år etter at meiningsovervaking vart ulovleg.

Vil snakka med overvakarane

— For meg er det også eit tankekors at alle overvakarane har gått fri. I andre kriminelle saker er det eit viktig prinsipp at gjerningsmannen skal stillast til ansvar og straffast. Eg skulle gjerne hatt namnet på mine overvakarar slik at vi i ettertid kunne teke ein prat om den skitne verksemda dei dreiv på med, seier han.

Underlid har også kravd at dokumenta som gjeld han vert sletta i Overvakingspolitiet sine arkiv. Dessutan kravde han orsaking frå styresmaktene. Det siste får han ikkje, men Innsynsutvalet vil koma attende til slettinga.

GLAD: - Dette er jeg svært glad for, sier Kjell Undrelid. Men han skulle gjerne snakka med dei som overvaka han. FOTO: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN