— Vi hadde gledd oss veldig og såg fram til at Ole Ivars skulle kome til bygda. No er eg berre skjemd på Naustdal sine vegner over det som har skjedd, seier Erna Jenssen Hove til Firda.

Den planlagde festen i Naustdalshallen kosta 500 kroner, inkludert konsert, mat og drikke.

I kontrakten var det spesifisert at bandet måtte få bærehjelp, og at kost og losji måtte bli dekt. Men ingenting var gjort klart, og ein lettare oppgitt William Kristoffersen i Ole Ivars fortel at det måtte bli avlysing, skriv firda.no.

Etter over 40 år i bransjen seier Kristoffersen at han aldri har opplevd liknande. Han reknar ikkje med å få dekt utgiftene dei har hatt.

Ifølgje Ole Ivars-arrangør Olvar Engebø har fleire personar jobba med konserten i to månader, men overfor firda.no vil han ikkje nevne namn.