Norsk Pasientskadeerstatning (NPE) har som oppgåve å ta vare på krava til pasientane dersom dei blir feilbehandla i den offentlege helsetenesta. 64 år gamle Arne Aarebrot opplevde det statlege organet som ein motstandar i kampen for å få erstatninga han hadde krav på. Han er ikkje den einaste.

Omtrent halvparten av dei som får avslag av NPE, klagar inn vedtaket for Pasientskadenemnda (PSN).

Av alle utmålingssaker som er klaga inn for nemnda i år, har pasientar fått auka erstatningssummen i nær 25 prosent av sakene.

Av dei sakene som går vidare til rettssystemet, vinn pasientane kvar fjerde sak.

Pulsåra skadd

Ved å ta opp kampen mot Norsk Pasientskadeerstatning og gå vegen gjennom rettssystemet, fekk Arne Aarebrot av Fjordane Tingrett dobla den opphavlege erstatninga. Men det var ein lang veg å gå.

Hausten 1996 var Aarebrot operert ved Førde sentralsjukehus for dårleg sirkulasjon i høgre foten. Ved inngrepet vart pulsåra skadd, og nye operasjonar måtte til. Likevel enda det med at Aarebrot måtte amputere foten midt på låret.

For Aarebrots del har det aldri vore strid om skaden hans var erstatningsbetinga. Derimot har det vore strid om i kor stor grad han er ufør, og kor mykje av dette som skuldast det mislukka inngrepet.

— Legane på sjukehuset i Førde meinte eg var 62 prosent invalid, medan NPE stilte med sin eigen ekspert som sa eg berre var 41 prosent invalid. Eg skjøna etter kvart at eg var oppe i noko som eg ikkje ville klare aleine. Difor skaffa eg meg advokat, fortel Aarebrot.

I Fjordane tingrett tapte Norsk Pasientskadeerstatning fullstendig i saka mot Arne Aarebrot.

— Sjølv har eg klart meg bra gjennom systemet, men det er ikkje vanskeleg å sjå at denne lange prosessen vil vere ei veldig påkjenning for mange menneske, seier Aarebrot.

Ønskjer evaluering

Han meiner at ordninga med Norsk Pasientskadeerstatning er moden for ei grundig evaluering.

— Det er på høg tid at politikarar og andre fagfolk set seg ned og ser på dette regimet, for å sjå om det fungerer slik som var føresett då det var oppretta, seier han.

Advokat Felix Lous er tilsett i Pasientskadenemnda, og førte saka mot Arne Aarebrot. Han opplyser til Bergens Tidende at dommen frå Fjordane tingrett ikkje kjem til å bli anka.

— Erstatninga til Aarebrot er henvist til utbetaling frå vår side, seier advokaten.

I 2005 tapte Norsk Pasientskadeerstatning fullstendig i seks rettssaker. I to saker tapte NPE delvis, medan dei inngjekk 23 rettslege forlik med pasienten før rettssaka starta.