Parkeringsgebyret, som ho for kort tid sidan fekk tilsendt i posten, er på over 1300 kroner og skriv seg tilbake til 2002.

— Verken eg eller bilen har nokon gong vore i London. På den tida eg skal ha parkert feil, var eg heime og gjekk på krykkjer fordi eg hadde brote foten, seier Loftheim Sunde til NRK Sogn og Fjordane.

Ho trur ein eller annan har forfalska bilskilta, eller at nokon er ute etter å lure henne. Bakpå brevet står det at dersom ho ikkje betaler, vil saka komme for retten.

— Eg syns dette er lite triveleg, seier Loftheim Sunde. Inntil vidare har ho bestemt seg for å vente og sjå om det kjem nye krav.