PER MARIFJÆREN

Eigaren av naustet trudde knapt sine eigne auge då han søndag morgon såg bakparen på ein bil stikke ut frå ruinhaugen som ein gong var eit solid tømra naust.

Spora tyder på at bilen, ein Opel Omega av eldre årgang, har kome utfor asfalten i ein slak venstresving. Der har den fått ein vipp og blitt kasta opp på taket av naustet.

Politiet fekk melding om saka ved 9.30-tida, men meiner at ulukka må ha skjedd seint lørdagsnata eller grytidleg søndag. Mannen var fordufta, men vart litt seinare funnen av politiet.

— Vi har pågripe ein 20 år gammal mann frå distriktet, og det er mistanke om promillekøyring, seier politibetjent Elisabeth Roksvåg i Stryn. - Det er klart at farten må ha vore bra høg for å få til noko slikt.

Ifølgje politiet er både naustet og bilen for totalvrak å rekne. Vogna har feia gjennom taket i nesten heile lengda på det lafta naustet. Den promillemistenkte 20-åringen hadde på si side maksimal flaks, og slapp frå lufteturen utan ei skramme å snakke om.