PER MARIFJÆREN

Retten går nemleg ikkje med på å halde den sikta 41-åringen i varetekt heilt fram til rettsaka skal starte, slik dei kravde.

I forhøyrsretten fredag kravde politiet at den drapssikta sunnfjordingen skulle sitje fengsla i over åtte veker — fram til 31. januar neste år - da hovudforhandlinga i straffesaka er planlagt starta. Men retten gav i denne omgang politiet berre lov til å halde mannen fengsla i fire veker.

Det betyr at ei ny framstilling må til dersom han skal sitje bak lås og slå konttinuerleg fram til rettsaka startar.

Forsvarar Ivar Blikra er sterkt fortørna over det han meiner er påtalemakta sitt råkjør på det eine sporet som knyter klienten hans til offeret. I løpet av hausten har forsvararen fått vite at ei rekke andre funn av hår og blod vart gjort på og rundt den døde kvinna, men at desse enno ikkje er analysert med tanke på DNA.

Fredag kunne politiet opplyse at det er snakk om heile 70 hårfunn på og rundt avdøde som enno ikkje er analysert. Inntil vidare er berre eit utval av desse sendt til Rettsmedisinsk Institutt for analyse. Blikra har ingen aning om kva utval politiet har gjort før analysen.

— Eg meiner at samtlege funn må bli forsøkt DNA-typa, seier forsvararen til Bergens Tidende. Blikra meiner politiet kjører seg fast i eitt enkelt spor, og er lite interessert i å følgje opp andre mogelege alternativ. Forsvararen ser påfallande likskapar med måten politiet etterforska Birgitte Tengs-saka på. Som kjent enda saka opp med at den tiltalte fetteren vart frifunnen.

— Min klient krev å bli sett fri, og vil påkjære denne avgjerda på staden, seier advokaten.