• Eg er glad det var Torgils som var med meg då det skjedde, seier Ingar Ersland. Torgils Engevik ringde luftambulansen då kameraten fekk hjarteproblem på veg opp Fossabrekko på Stord. Foto: Irene Øvstebø Tvedten

Fekk ambulansen til fjells

Då Ingar Ersland fall om på Stordfjellet, tok det berre ein halvtime før ambulansepersonell var på staden. Dei hadde sprunge opp skråninga med steintungt utstyr i armane.