Fylkesordførar Torill Selsvoll Nyborg var kjapt ute med replikk då statsråden summerte opp samferdslemøtet i Granvin med å etterlysa ei klarare prioritering mellom ulike samferdsleprosjekt i fylka og regionane.

— Dette skjønar eg ikkje noko av. Hordaland fylkeskommune har prioritert Hardangerbrua på topp, og har halde konsekvent på denne prioriteringa i ei årrekkje. No har også Vestlandsrådet slutta seg til, seier fylkesordføraren til Bergens Tidende.

Heilårspolitikk

Men statsråden er ikkje overtydd.

— Kvar einaste vinter, når det har gått eit ras eller to, kjem det vel funderte krav om rassikringstiltak, topp-prioriterte, helst som hastesak. Det nyttar ikkje å tenka rassikring berre i januar og februar. Det trengst ein meir konsekvent politikk, seier Skogsholm til Bergens Tidende.

— Når partileiar Lars Sponheim seier at miljøtunnelane på Hardangervidda bør koma før brua, kan vel ikkje du seia noko anna?

— Sponheim har eit poeng. Det er sett i gang arbeid for å kartlegga miljøkonsekvensane på Vidda, seier statsråden.

Fylkesordføraren opplyser til Bergens Tidende at ho i går fekk lovnad om ein møte med statsråden, der dei skal gå gjennom fylkeskommunale prioriteringsvedtak og prøva å få striden rydda av vegen.

Likte tala

Torill Selsvoll Nyborg sa seg glad for at Hardangerbrua og Jondalstunnelen ikkje er konkurrentar. Konsekvensanalysen viser at Jondalstunnelen «stel» marginalt med trafikk frå Hardangerbrua.

Trafikkprognosene som prosjektleiar Tone Høyland Stople la fram, slett ikkje utan reservasjonar, var godt nytt for brutilhengarane. Brua vil auka trafikken frå 900 bilar i døgeret på ferja til 3050, mest grunna auke i lokaltrafikken og flytting av trafikk frå Kvanndal-Utne. Auka ferjefrekvens vil berre gje 50 fleire bilar i døgeret.

— Med slike trafikktal kan brua finansierast utan pengar frå staten, vart det sagt.

Men det reknestykket som bompengeselskapet la fram, er statleg tilskot sett til 186 millionar kroner, fordelt på to budsjettår (2012 og 2013). Staten får 77 millionar kroner i moms av prosjektet, og sparer investering i nye ferjer og ferjekaier.

Geriljakrig

Bompengeselskapet opererer med samla kostnader på vel 1,6 milliardar kroner. Det er lågare enn kostnadsoverslaget, påpeika Lars Aksnes i Vegdirektoratet.

— Vi har trekt ut kostnaden med oppgradering av Vallaviktunnelen for å synleggjera at berre nye tunnellengder har direkte med brua å gjera, seier styreformann Magnar Lussand. Han viser til at til utbetringa i Skjervet, til dømes, ikkje blir belasta brua.

— Men det er klart at vi må drøfta dette med Vegdirektoratet slik at vi finn eit felles standpunkt. Elles etterlet vi oss eit ope lende, og der er det mange som gjerne vil kriga, seier Lussand.

BRUA PÅ TOPP: Aksjonsleiar Sverre Kleivkås dekorerte partifelle Torill Skogsvoll med hjelm påmontert modell av Hardangerbrua, og kritiserte partileiar Lars Sponheim for oppmodinga om å gløyma brua, før han har lese konsekvensutgreiinga.<p/>FOTO: ARNE HOFSETH