BJØRNAR SØRHEIM

— Eg er ein ein glad mann no, seier nestleiar i Nordhordland Veteranbåtlag, Vidar Lehmann. Han er ikkje i tvil om kva pengane skal gå til.

— Pengane skal gå til restaureringa av skipet, som for tida held til ved Fartøyvernsenteret i Norheimsund. Når det er ferdig, skal det til Laksevåg og Mastrevik for yttarlegare restaurering, før han skal stå ferdig 11. juni under Torgdagane. Då skal han vera klar til drift, røper han.

Riksantikvaren har følgt opp skipet økonomisk dei siste åra og ser på dette som siste runde i arbeidet med å få det ferdig.

— Me håper og rekner med at skipet står ferdig til sommaren, seier førstekonsulent på Fartøyvernssenteret, Carl Fredrik Thorsager.

Men det er ikkje berre Riksantikvaren som har spytta pengar inn i dette prosjektet.

— Forutan private donorar har både Fylkeskommunen, Bergen kommune og mange av nordhordlandskommunane bidratt med pengar.

Noko av årsaka til at løyvinga er det iherdige arbeidet Nordhordland Veteranbåtlag har lagt ned i båten. - Veteranbåtlaget, har vore direkte utslagsgjevande for at me har valgt å løyva så mykje pengar til dette skipet. Dei har vore flinke til å nytta dei originale metodane og materiala i restaureringsarbeidet, skryt Thorsager.