Mannen, som er i slutten av 50-åra, blei feilbehandla for kreft ved sentralsjukehuset i Førde våren 1999. Tre år seinare fekk han tilkjent ei erstatning på 1,25 millionar kroner av Norsk Pasientskadeerstatning.

Men mannen meinte vederlaget var altfor lite, og gjekk til sak mot pasientskadenemnda.

I dommen som blei sagt denne veka, har Fjordane tingrett så godt som dobla erstatningssummen. Sunnfjordingen får no eit samla vederlag på 2,4 millionar kroner.

Endetarmskreft

— Eg konstaterer at vi langt på veg har fått fullt gjennomslag, seier mannens advokat, Jørund Halden Aarrestad i firmaet Personskadeadvokaten i Førde.

Sunnfjordingen fekk påvist endetarmskreft i desember 1998. Etter å ha blitt behandla for den alvorlege sjukdomen ved sentralsjukehuset i Førde nokre månader seinare fekk han betennelse i bukhinna, urinvegsinfeksjonar og stort vekttap.

Norsk Pasientskadeerstatning har tidlegare avgjort at mannen har krav på erstatning. Feil behandling med kirurgi og stråling førte til komplikasjonar, og gjorde at mannen fekk utlagt både tarm- og urinvegar. Mannen er no heilt fri frå kreftsjukdomen, men Pasientskadeerstatninga har lagt til grunn at mannen har ein varig medisinsk invaliditet på 70 prosent.

God grunn til sak

Rettssaka har gått på utmålinga av erstatninga mannen har krav på som følgje av inntektstap frå og med år 2000 og i framtida. Og her har Fjordane tingrett lagt seg på eit heilt anna nivå enn pasientskadenemnda.

50-åringen jobba som arbeidsleiar og delvis også som prosjektleiar i firmaet han var tilsett. For inntektstap han har hatt og vil få fram til pensjonsalder, meinte nemnda 790.000 kroner var dekkjande. Tingretten meiner det er grunn til å tru at den feilbehandla mannen i 50-åra ville hatt ei langt høgare inntekt om han hadde blitt arbeidsfør etter kreftbehandlinga. Retten har sett på lønnsnivået til mannens tidlegare kollegaer, og auka erstatninga for inntektstap med ein million kroner.