Dommen fall klokka 14 tirsdag, da sorenskrivar Steinar Velle las opp slutninga for open rett i Sogndal.

Hashin blei dømt for forsettleg drap, mishandling og valdtekt. Han må også betale erstatning til familien.

Hashin anket dommen på staden. Aktor, statsadvokat Bjørn Soknes, sa seg nøgd med at retten fastsette ei straff som er eitt år strengare enn påstanden, og at retten i dommen mellom anna viser til straffeutmålinga i ei anna seksuelt motivert drapssak ý Anne Slåtten-saka.

Inga samanlikning

Dette er samanlikning som ikkje heng på greip, meiner Hashins forsvarar, advokat Herman Hoff.

— Straffeutmålinga er ikkje i samsvar med den rettspraksisen som Høgsterett har fastsett, og det går ikkje utan vidare an å samalikne denne saka med Anne Slåtten-saka, sa Hoff.

I den samrøystes dommen skriv sorenskrivar Steinar Velle derimot at samanlikninga er nærliggande; det dreier seg i begge saker om seksualdrap på unge jenter. Men Velle påpeikar at Hedda Karterudseter vart utsett for meir omfattande fysisk mishandling og fullført valdtekt i forkant av drapshandlinga, og retten held såleis denne saka for klart grovare.

Gulating lagmannsrett dømte nyleg Slåttens drapsmann til 15 års fengsel.

— Med dette samanliknar retten straffenivået med ein dom som enno ikkje er rettskraftig, og der lagmannsretten sa dommen under sterk dissens, påpeikar forsvararen.

Aktor, statsadvokat Bjørn Soknes, er derimot nøgd:

— Eg vil tilrå riksadvokaten å godta dommen, seier han tørt.

Knusande lesnad

Uansett er rettens bevisvurdering knusande lesnad for Hoff og klienten hans. Sjølv om Hashin har erkjent straffeskuld for drapshandlinga, blir han ikkje trudd på sentrale punkt i si forklaring.

For eksempel stiller retten store spørsmål rundt påstanden om at Hashin og offeret faktisk hadde eit intimt forhold i vekene før drapet, og ikkje minst stiller retten seg tvilande til forklaringa om at han og Hedda gjekk saman frå konserten på Meieriet tilbake til hybelen.

Retten meiner Hedda kan ha gått heim først, og at Hashin tok seg inn på hybelen mot hennar vilje.

Døra var ulåst fordi Hedda visste at fleire andre bebuarar snart kom heim.

«Alt i alt held retten det for like sannsynlg at tiltalte kom inn til Hedda seinare, og mot hennar vilje, som at dei gjekk inn i lag», heiter det i dommen.

Dermed meiner retten at Hedda kan ha lege på senga og sove da tiltalte først prøvde å få kleda av henne.

«Retten finn det sannsynleg at Hedda må ha gjort motstand mot avkledinga. Mest truleg har tiltalte brukt vald mot Hedda medan ho låg på senga og før den avsluttande drapsfasen som har skjedd på golvet», heiter det.

Retten går grundig inn i bevisa rundt valdsbruken og valdtekten mot Hedda. Sjølv om Hashin ikkje gjennomførte samleie, er handlinga i juridisk forstand definert som valdtekt.

Hashin er også dømt til å betale Heddas foreldre kvar 120.000 kroner i oppreising, mora 55.000 kroner i erstatning og faren 8.000 i erstatning. Vidare må han betale Heddas bror 27.500 i erstatning.

Alt i samsvar med kravet.