— Me lagar ferske sveler, ja. Dei er nydelege. Nei da, ikkje med jordbærsyltetøy. Her får du dei slik dei skal vera - med eit godt lag med smørkrem.

Italienske Marina Decol i kiosken på MF «Bergensfjord» fortel at Møre-tradisjonen med sveler lever sterkt om bord i dei nye gassferjene til det delvis Møre og Romsdal-baserte reiarlaget Fjord 1. Fyldig oppskrift

— Dette er noko som reiarlaget vil at me skal tilby dei reisande. Me tykkjer det er kjekt også, å ha noko varmt, ferskt og godt å koma med under overfarten, legg Hildegunn Habbestad frå Bømlo til.

Så gjenstår det å sjå då, kva som vert mest populært blant trailersjåførane: Svela eller baconpølsa. BT kan etter ei prøvesmaking avsløra at førstnemnde - med eggeplomme, kefir, vaniljesukker, majones, smør og rømme i røra - sit vel så mykje som ein stein i magen som den berømte trailergrillen.

— Me har jo eit sunt alternativ, også. Me køyrer ei grøn linje med eit stort utval av frukt og salatar for dei som ønskjer noko lettare å kosa seg med. Men eg trur nok svelene vert veldig populære, slår Habbestad fast.

- Som natt og dag

Marina Decol var blant dei 248 tilsette som fekk sparken frå Fjordline i fjor, då DFDS Seaways overtok M/S «Fjord Norway».

— Eg hadde arbeidet mitt i à la carte-restauranten. Skilnaden mellom det og den nye jobben min er som natt og dag. Her spring eg rundt med sveler og tørkar av bord kvar halvtime.

Baguettar pakka inn i plastemballasje ser ut til å vera ein vinnar blant passasjerane.

— Mykje plastikkmat i kiosken, kommenterer me. Decol anar skepsisen i merknaden vår.

— Du...altså...her er alt ferskt. Me har vore på jobb i fleire timar og smurt mat. Dette er ikkje henta på eit lager oppe på Midttun.

Nøgd med utvalet

Dette går Kirsten Elin Haavik frå Karmøy god for. Ho har vore på Geilo i helga, og er på veg heim. Papiret etter ein baguett med laks og egg ligg på bordet framføre ho.

— Nydeleg. Dette var ikkje eit seigt, gammalt rundstykke. Eg vart positivt overraska over matutvalet i kiosken.

Ho reiser ofte med bil mellom Karmøy og Bergen, etter som ho har ein mann og to døtrer som jobbar i byen. Ho er full av lovord om MF «Bergensfjord».

— Ja, dette var flott. Veldig romsleg og mange sitjeplassar. Og så er eg så glad for at dei bratte trappene frå bildekket og opp til salongane er historie. Her er det avsatsar, og det trur eg særleg yngre folk er glade for.

Åge Tonning og sonen Robert Ryn Tonning kryssar Bjørnefjorden, på veg heim til Charlottenberg i Sverige. Begge er nøgde med det nye fartyet.

— Ei veldig flott ferje. Me har budd i Bergen tidlegare, og har reist mykje denne vegen. Men dette var ei heilt ny oppleving. Utsikten frå salongen er nydeleg, seier pappa Tonning.

Saknar Playstation

Også junior tykkjer overfarten er av det komfortable slaget.

— Men det var ikkje så mykje å ta seg til for born her. Ei videokrok, men skjermen er svart. Playstation, det hadde vore noko, sjølv om det sikkert er litt for mykje å forlanga, smiler han. Smiler, det gjer pappa, òg.

Bjørn Pettersen frå Sortland i Nordland går og myser i salongen.

— Som sjømann merkar eg at ferja går veldig rolig. Omtrent støyfritt. Det er imponerande.

Kaptein Frode Bekkenes dukkar opp i salongen. Han stolt av skuta si.

— Ein veldig flott båt. Som du ser så har salongen store vindauge på alle kantar, og byr inn til utsikt. Slik må det vera, ettersom me vestlendingar er over gjennomsnittet glade i naturen vår.

Lillebø, Jan M.
Lillebø, Jan M.
Lillebø, Jan M.
Lillebø, Jan M.
Lillebø, Jan M.
Lillebø, Jan M.
Lillebø, Jan M.