HANS K. MJELVA

KRISTER HOAAS

Med striden om Union-fabrikken i Skien og Ap-utspel frå Utøya er startsignala gått for årets valkamp. Den neste månaden vil politikarane kjempe, ikkje minst om 1,5 millionar tvilarar og heimesitjarar.

Denne gruppa vil i røynda avgjere valet, og BT følgjer difor ei gruppe på ti tvilarar fram til valdagen.

Ingen av paneldeltakarane vi har prata med er blitt mindre i tvil sidan vi først tala med dei for to veker sidan.

Ingen av dei legg særleg vekt på politikaranes kapplaup for å redde Union-fabrikken i Skien.

— Det gjer i alle fall ikkje at eg går lenger til høgre, seier Harald Sælen (50), som har stemt sosialistisk nær heile livet.

— Men Børge Brende (H) har då vore aktiv for å redde arbeidsplassane?

— Ja, ja. Han er valbar no. Han var ikkje like aktiv inn i Sogn, då dei held på der, seier han.

Det siste feite valkamputspelet - Jens Stoltenbergs lovnad på Utøya om gratis skulebøker til alle i den vidaregåande skulen, har Sælen meir sans for.

Det har ikkje Tore Borge (18).

Ikkje sans for valløfte

— Det er bra å love, men føler eg har høyrd det før.

— Så du trur ikkje heilt på det?

— Nei, eg vil sjå det først. Men det er klart at dei må prøve seg med noko.

— For å vinne slike som deg?

— Ja, for eksempel, seier Borge.

Heller ikkje Merethe Tvenning Mæland (33), som sjølv er lærar, trur særleg på Stoltenbergs lovnad.

— Det har vi høyrt før. Så det er jo ikkje noko nytt. Eg trur det ikkje før eg får sjå det. Men det er klart at hadde det kome, hadde det vore heilt fantastisk.

— Men kva skal Stoltenberg gjere?

— Han kan ikkje love det same kvar gong, og berre seie at sidan vi ikkje fekk makt fekk vi ikkje gjennomført det, seier ho.

Trur på auka valdeltaking

BTs tvilarpanel er delt i synet på om regjeringsalternativ er viktigare enn parti i årets valkamp. For tre vil personar og parti avgjere, medan tre vedgår at regjeringsspørsmålet vil telje for deira stemmegjeving.

Valforskarane derimot er rimeleg sikre på at dei klåre regjeringsalternativa i årets valkamp vil mobilisere tvilarar og heimesitjarar, og gje auka oppslutning i årets val.

Valdeltakinga ved valet i 2001 var den lågaste ved et stortingsval sidan 1927. Då sat 823.660 med stemmerett heime, og valdeltakinga var på 75,5 prosent.

— Eg ikkje berre trur det, men det har vist seg fleire gongar at når alternativa blir tilslørt går valdeltakinga ned og når det er klare alternativ stiger ho, seier nestoren blant norske valforskarar, Henry Valen ved Institutt for samfunnsforsking, og får støtte frå professor i Samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, Frank Aarebrot.

Det ingen vil prate om

— I år blir det tala om to regjeringsalternativ som er reelle, og retorikken blir knytt opp til desse alternativa. Dermed får folk ei kjensle av at deira stemme betyr noko. Det verker mobiliserande, seier han.

— Noko av det mest skammelege med valkampen i 2001 var at politikarane ikkje snakka om det regjeringsalternativet som vart realisert. Det var det berre media som gjorde. Den sitjande regjering var ein «plan B» i valkampen for fire år sidan, Bondevik gjekk til val på «sentrumsalternativet», ikkje noko «samarbeidsregjering», held Aarebrot fram.

Paneldeltakar Heidi Nedkvitne (39) fryktar at det finst eit slikt skjult alternativ i årets valkamp òg.

— Regjeringsalternativ vil eg tenkje på, men eit av dei kjem liksom ikkje opp før etter at valet er over, og då er det gjort. Eg er litt skuffa over at Høgre og KrF er blitt småkompis med Frp, for dei vil eg absolutt ikkje stemme på .

- Du er altså redd for at ei stemme på Høgre og KrF kan bli ei stemme på Frp?

— Ja, det er eg veldig redd for, seier ho.

Bli kjent med tvilerpanelet i dagens Bergens Tidende