Den bratte stien slyngjer seg opp frå fjorden, slik han har gjort i mange hundre år. Held fram gjennom skogen, går like forbi den gamle husmannsplassen Furo og endar i to tun, 470 meter over Sørfjorden.

Vegen kom aldri opp til Isberg. Fjellsida er for bratt og ulendt. Men at Isberg ligg avsides og isolert til, berre bles einebuar Per Isberg av.

— Tenk på andre fjellgardar i Hardanger som Reinsnos, Vintertun, Skjeggedal, Skare! Det budde folk der óg. Samanlikna med dei ligg Isberg mest sentralt, vil no eg seie.

I ungdomen sprang han stien opp frå Stana på ein halvtime. I dag brukar pensjonisten med kneproteser ein time. Han tek stadig ein handletur til Odda, og sender varene til fjells med taubanen.

— De får ta det som eg har det, seier Per og set fram brød, smør og pålegg på voksduken med store grøne blomar.

Jordmora kom for seint. Den tidlegare livlina på garden, løypestrengen, er dekt av eit tynt snølag. Då den nye taubana kom på åttitalet, stilna songen frå den 800 meter lange jarnstrengen som går heilt ned til riksvegen.

På det meste, kring 1900, budde eit tjuetals menneske på Persbruket, Endrebruket og Furo. No står berre tuftene att av husmannsplassen, og Endrebruket vart fråflytta i 1959. Berre Per er igjen. Men einsam? Ikkje han.

— Det går knapt ei helg utan at nokon kjem forbi i tunet. Rett som det er dukkar både den eine og andre opp, både turistar og turlagsfolk.

Odelsguten Per vart fødd på garden 12. juni, 1929. Då jordmora endeleg kom seg opp, var guten alt komen til verda.

— Ho drakk kaffi og reiste ned att.

Per og brørne Inge og Anders måtte tidleg med i gardsarbeidet. Først og fremst handla det om å skaffe fôr til dyra. Det første minnet hans er om geiter. Men i Odda vart etterspørselen etter mjølk stor, og tidleg på trettitalet gjekk familien over til kyr. I tillegg hadde dei sau og gris.

— Eg var ikkje gamle karen før eg vart sendt på mjøstølen for å henta kyr. Me ungane var nok litt isolerte, og det å gå på skule var ei soge for seg sjølv.

Internatskule. Etter 1903 var det slutt på omgangsskulen på gardane, og skuleungane måtte vekependle til Tyssedal. Først måtte dei ta seg ned til Stana, så ro til Tyssedal. Om vinteren gjekk dei av og til på isen, men det kunne vere farleg. Då var einaste måten å kome seg på skulen å klatre langs den stupbratte fjellsida. Gjennom Trongeskor, der vegen i dag ligg i tunnel, måtte ungane gå i tau for å ikkje falle utfor og slå seg i hel.

Men Per gjekk på skule på Instanes, der besteforeldra budde. Instanes ligg nær tre mil frå Stana, retning Kinsarvik. Det første skuleåret var vesle Per heime berre til jul, påske og pinse.

  • Om eg lengta heim? Tja... Det gjekk greitt. Men eg hugsar at eg gjekk og lurte på når eg kunne reise heim neste gong.

Seinare gjekk dei yngre brørne hans på internatskule i Skare inst i Oddadalan saman med ungar frå andre avsidesliggjande gardar. Ein gong i månaden fekk dei reise heim til mor og far.

Sykla milevis for å danse . Frå kjøkkenvindauga sitt har Per den kvite Folgefonna midt imot. Langt der nede ved fjorden ligg bygdene Apold, Fleskje, Digranes og Åse, der bestemor kom frå. Folket på Isberg reiste sjeldan langt for å finne seg make. Som regel fann dei den dei leita etter i same sokn.

Ungdommane skydde verken ver eller avstandar for å gå på dans. Ein typisk laurdagskveld kunne dei først gå ned til vegen, og deretter sykle to mil til festen på Sekse med retur i mørkaste natta.

  • Det er ingenting å snakke om. Slik var det for generasjonane før meg, og. Vi var ikkje akkurat hengehovuder.

Per er ein lun fyr. Smilet er aldri langt unna, dei gode replikkane sit laust. Folket på Isberg var kjende for sitt gode humør. Også i grenda samla dei seg til fest. Tidleg i juni var det årviss granneveitle. Då var løa tom og slåtten enno ikkje i gang, så det var god plass til å danse. Arrangementet gjekk på omgang, og det vart baka og bryggja i stor stil til festen.

Drama på julekvelden . Julekvelden i 1874 er den mest dramatiske i manns minne på Isberg. Begge løene brann ned til grunnen, men krøttera vart berga ut.

— Det var litt av ei katastrofe.

Men dugnadsånda i fjorden var sterk. Inntil dei nye løene vart reiste utpå våren, fekk husdyra kost og losji på grannegardane, og i kyrkja var det ofring til folket på Isberg. Slik fekk Endretunet råd til helletak på nyeløa.

  • Besten fortalde om ei tenestejente som ikkje var så lysten på vanleg arbeid innomhus. «Du skal sleppe, om du ber opp alle hellene», var beskjeden ho fekk. Jenta bar opp heile løetaket!

Julesokkar . I førjulsnatta har det vore stor trafikk i tunet på Isberg. Hjortefara går på kryss og tvers i det skrinne snølaget.

Det blir feira jul på Isberg i år også. Familien i Haugesund kjem på besøk, mellom anna brorsonen Tor Sigurd, som peikar seg ut til å overta Perstunet ein dag. Per er på det reine med at han nok er den siste som bur her oppe det meste av året.

— Etter at den ordinære gardsdrifta vart lagt ned, er ikkje noko anna er realistisk seier han nøkternt.

I dag har pinnekjøtet gjort sitt inntog også på Isberg, men før i tida stod fersk torsk på bordet på julekvelden. I romjula gjekk folket på Isberg på vitjing til kvarandre, slik skikken var i grenda.

Per minnast også ein annan tradisjon frå barndomen - julesokkar på sengegavlen.

  • Sokkane vart fylte med sjokolade og småtteri. Det kan ha vore ein skikk nokon hadde tatt med seg frå sjøen. Eg veit iallfall ikkje om andre stader i fjorden, der julesokkar var skikk og bruk.

KJELDER: Bygdebok for Ullensvang av Olav Kolltveit, Tidsskriftet Hardanger 2002 og «Nådelaust liv i gåvmilde Hardanger» av Oddgeir Bruaset.

Rune Søvig
Rune Søvig
Rune Søvig
Rune Søvig
Rune Søvig