I Høylandsbygd på Halsnøy har Johannes G. Eide — skipsbyggjar i fjerde generasjon - pussa støvet av sildejekta «Skjoldmøen» av Bergen si fantastiske historie.

Skuta blei bygt på Sjo på Halsnøy i 1856. 150-års jubileet skal markerast grundig av Eide og heile Halsnøy til helga. «Skjoldmøen» får sitt eige minnesmerke på Larsstø og ein modell permanent hengt opp i Eid kyrkje.

Haugianar i Bergen

Torgeir Svanøe var mannen som kjøpte den 63 fots jekta og sende ho på ein både risikabel og myteomspunnen pionértur over Atlanterhavet.

Båtkjøparen var son til haugianarhøvdingen Ole Torjussen Svanøe som grunnla to store handelshus i Bergen.

Eitt av handelshusa gjekk i arv til Torgeir, omtalt som ein både frilynt og misjonskjær kjøpmann i Hans Nerhus si bok om «Skjoldmøen».

Det var nevøen Endre Johannessen Svanøe som overtalte onkelen sin til å føreta overfarten til Amerika for å kartleggja handelsvilkår over there .

Nordmenn hadde reist til Amerika i små fartøy lenge før 1863. Men «Skjoldmøen»s overfart er rekna som den første i forsøket på å etablera ei godsline mellom Norge og USA. Det skjedde eit halvt hundreår før «Kristianiafjord» kryssa Atlanteren som den første i Amerikalinjen i 1913.

Eldst i Europa

— Eg fekk ein original halvmodell av båten av ein slektning for fleire år sidan. Etter det har eg vore levande interessert i jekta si historie, og arbeidd for at «Skjoldmøen» skulle få eit minnesmerke på Halsnøy, seier Johs. G. Eide.

Skipsbyggjarveteranen har lagt tusenvis av timar ned i arbeidet med å dokumentera både «Skjoldmøen»-historia og den omfattande skipsbyggingstradisjonen på Halsnøy.

«Skjoldmøen»-markeringa til helga vil også omfatta ei modellutstilling av Halsnøybåten, den eldste båten i Europa rodd med årar det er funne restar av. Funnet blei gjort tilfeldig i Toftevåg i 1896.

Storm, isfjell og salutt

Etter ei strabasiøs kryssing med storm i Nordsjøen og isfjell utanfor Newfoundland, nådde «Skjoldmøen» Quebec 12. juni 1863. Straks spreidde ryktet seg om dei vågsame nordmennene og skipshunden i den vesle trebåten.

Jekta blei buksert av dampbåtar gjennom St. Lawrencevassdraget, løfta gjennom 30 sluser, slept av hestar opp til Eriesjøen, for så å segla over Huronsjøen og Michigansjøen til Chicago.

Aviser og blad gjorde den norske båten til kjendis vide omkring. På nasjonaldagen 4. juli fekk «Skjoldmøen» kraftig salutt under slep langs kanalane. Og mottakinga i Chicago 16. juli var så storslagen at lossinga måtte utsetjast.

Borgarkrigen rasa i USA medan «Skjoldmøen» låg i Chicago. Men det minka ikkje interessa for båten. Blant anna strøymde mengder av norskameraikanarar i Midt-Vesten til for å sjå jekta.

Også ved avreisa var det stor ståhei. Kva mottaking «Skjoldmøen» og kaptein Wesenberg fekk då dei ankra opp i Bergen att tidleg i november 1863, går ikkje fram av litteraturen.

AMERIKALINJE: Jekta «Skjoldmøen» av Bergen gjorde berre ei Amerika-reis, men blei internasjonal kjendis i 1863. Ho er omtalt som den første norske Amerikalinje. Her måla av dåverande målarmeister ved Den Nationale Scene, Fredrik Martin Sørvig.
SKIPSHISTORIE: Skipsbyggjar og industrimann Johs. G. Eide har dokumentert historia til både «Skjoldmøen» og Halsnøybåten (til v.), her i modellutgåver laga av Leif Kleveland og Knut Sørnes. FOTO: OVE A. OLDERKJÆR