I går feira foreldra og sysken i barndomsheimen til Heidi Grande Røys i Kalvåg. — Dette er stort og uventa, seier Gunnhild.

I helga skulle den nye statsråden eigentleg ha vore heime på besøk hos foreldra i Bremanger. Men laurdag ringde telefonen hos Gunnhild Grande Røys (65) og Helge Roald Røys (66). Dottera avlyste, ho hadde fått omgangssykja.

— Eg tykte ikkje det var så rart. Ho hadde nett teke til i barnehagen, då slår slike sjukdomar ofte til.

Men klokka 23 søndag kveld kom det ein ny telefon frå dottera, denne gongen frå Oslo.

— Det var overraskande. At ho skulle bli statsråd hadde vi ikkje venta, seier Gunnhild Grande Røys.

— Sjukdomen, var det berre ein spansk ein?

— Det vart nok helst det, ja.

I går morgon gjekk flagget til topps i barndomsheimen, og seinare på dagen blei det kakefest.

— Vi er veldig stolte foreldre i dag.

Ikkje overraska

Også i Sogn og Fjordane SV var stemninga stor i går. Partiet var mellom taparane ved stortingsvalet i Sogn og Fjordane i haust, men vann då regjeringa skulle dannast. For med Heidi Grande Røys som fornyingsminister og Bård Vegar Solhjell frå Naustdal som statssekretær for Jens Stoltenberg, fekk fylkespartiet maksimal utteljing. Solhjell har vore partisekretær sidan 1999. To år før det var han listetopp for Sogn og Fjordane SV ved stortingsvalet, utan å nå opp.

— For fem-seks år sidan var vi eit uvesentleg opposisjonsparti, i alle fall i Sogn og Fjordane. No er partiet i regjering, og fylkespartiet har fått to tunge postar. Dette er ein stor dag, seier fylkesleiar Magne Aardal.

— Mange kommentatorar er overraska over at Heidi Grande Røys blei statsråd. Er du?

— Eg trur overraskinga er størst i enkelte media. For min del har eg heile tida vore klar over at ho har vore med i kabalen.

— Blir det fleire beite i dagane som kjem?

— Nei, det vil derimot overraske meg. Eg trur nok vi har fått så god utteljing som det er råd å vente, seier fylkesleiaren.

STOR FEIRING: I går feira foreldra Gunnhild Grande Røys (65) og Helge Roald Røys (66) og sysken i barndomsheimen til Heidi Grande Røys i Kalvåg. - Dette er stort og uventa, seier Gunnhild. ØYSTEIN TORHEIM (foto)