Blankpussa krom og store motorar stod i fremste rekke. På meir smålåten plass stod veteranen til Øyvind Hellesnes, ein Harley Davidson 1920-modell.

Dagens utferd gjekk mot Undredal, med køyring opp og ned Stalheimskleiva som høgdepunkt.

Men først skulle stasen visast fram på Vangen. Der var vaffeljern og kaffitraktar flittig i bruk.

MØNSTRING: Medlemene i Voss MC-klubb slutta mannjamt opp om markeringa av Motorsykkelens Dag i Vangsgata.
arne hofseth