• Vi fekk sjokk. Den samstemte meldinga kjem frå bygdefolk i Feios i Vik etter at dei oppdaga at 113 gravsteinar var velta.

— Eg trudde det var ungdommar som hadde gjort hærverk om natta, fortel Audun Alme (74) til Sogn Avis.

Men det var det ikkje. I staden var det Vik kyrkjelege fellesråd som har vore på ferde. Dei har lagt ned usikra gravsteinar på alle kyrkjegardane.

Bakgrunnen er ulukka på Værnes kyrkjegard i Trøndelag der ei fire år gammal jente miste livet etter å ha fått ein gravstein over seg.

- Rein idioti

— Hadde ein unge blitt drepen av ein gravstein i Vik kommune, hadde eg aldri blitt menneske att, seier Sylvi Nummedal, dagleg leiar i fellesrådet. Men feiosingane er i harnisk:

— Dette er rein idioti. Gravstøttene til besteforeldra mine har stått i 70 år. Dei ville stått i 100 til utan å velte, er meldinga frå Audun Alme.

Bygdefolket spør seg også om kvifor ingen informerte dei om gravsteinnedlegginga på førehand.