• Den mislukka utdanningspolitikken må ta ein del av skulda for det høge talet på ufaglærte, seier forskar.

Håkon Høst, forskar ved Rokkansenteret, konkluderer med at utdannings— og rekrutteringspolitikken innanfor pleie og omsorg er feilslått.

— Den rådande utdanningspolitikken, som er å rekruttere ungdom gjennom den vidaregåande skulen har mislukkast, meiner Høst.

Då hjelpepleiarutdanninga starta opp i 1963 blei den svært populær blant vaksne kvinner, og det er framleis den dominerande gruppa. Som eit ledd i å modernisere hjelpepleiarutdanninga, blei den gjort om til ei rein ungdomsutdanning etter reform 94.

— Sidan den gong har rekrutteringa falt dramatisk. Viktige årsaker til det er at ungdom ikkje er interessert, og at vaksne som er interessert ikkje får tilbod om utdanninga, seier Høst.

Løysinga har blitt å rekruttere ufaglærte, og slik har profesjonaliseringa av pleie- og omsorgsfeltet blitt lidande. I dag er vaksenopplæringa prega av midlertidige tilbod som er avhengig av det einskilde fylket sin økonomi.

  • Slik bør det ikkje vere. Utdanninga bør innrettast på dei som ønskjer den, og det er først og fremst vaksne kvinner, seier Høst.

Trass i at utdanningssystemet er innretta mot ungdom, utgjer dei berre 20 prosent av dei nyutdanna hjelpepleiarane. Dei resterande 80 prosent er vaksne kvinner som har gjennomført vaksenopplæring, ifølgje doktoravhandlinga til Høst.