— Eg kan stadfeste at vi har fått godkjenning frå Sjøfartsdirektoratet for segling. Vi er no inne i avsluttande møte, seier Trengereid. Han er om bord i skipet som havarerte på Stadhavet natt til søndag.

Det er ørsmå skjel og groe inne i eit luftrør som er årsaka til feilen.

Til slutt stoppa skjella og groen utluftinga frå kjølesystemet til heile framdriftsmaskineriet, ifølgje distriktssjef Magne Rødland ved Sjøfartsdirektoratet sitt distriktskontor i Bergen.

— Reiarlaget og kapteinen har funne feilen. Dermed har vi sluppe båten. Dei fann feilen i løpet av kvelden og natta. I dag tidleg såg våre folk i Florø på båten, og vi har akseptert at dette er feilen, seier stasjonssjef Magne Rødland ved Sjøfartsdirektoratet i Bergen til bt.no.

— Frå mi side er denne saka no over. Men Sjøfartsdirektoratet vil nok gå inn og spørje reiarlaget om korleis dette kunne skje, seier Rødland.

"Midnatsol" kjøler ned gear, propellanlegg og sjølve hovudmotorane med same kjølesystem. Eit lufterør vart tilstoppa, noko som medførte at det gjekk luft i pumpene, og dei vart sette ut av drift. No er røret skifta, og båten går frå Florø mot Bergen i løpet av få timar.

Ifølgje Rødland er det ikkje usannsynleg at groen har tetta til røret i løpet av byggjeperioden.

— Vi veit at det gror veldig på båtar når dei ligg i ro, seier han.

Søsterskipet "Trollfjord" vart lagt til kai i Molde til feilen var funnen. No kan også dette skipet setjast i trafikk att.

STOPPET AV SKJEL: Ørsmå skjel og groe inne i eit luftrør skal vera årsaka til feilen.
ARKIV: Helge Sunde