Det var under innleiingsforedrag i går advokat Anders Folkman forstod at klientens krasj ikkje skjedde i den mest ulykkesutsette svingen i Halbrendslia i Førde.

Ulykka skjedde utanfor dei punkta der dei fleste ulykkene i Halbrendslia faktisk skjer, der vegvesenet no har innført spesielle tiltak.

Burde Statens vegvesen likevel ha skjønt at svingen kunne vere såpeglatt, og varsla med fareskilt?

Vegen ikkje tema

— Ja, meinte Folkman i retten, og peika på at ingenting ved kjøringa eller farten tilsa at bilen skulle gå rett fram i svingen.

— Truleg var det noko med vegdekket, men eg har ikkje grunnlag for å påstå det. Det er ikkje tema for denne saka. Men forhistoria til denne vegstrekninga tilsa klart at trafikantane måtte varslast. Dei som kom i retninga min klient kjørte, fekk ikkje varsel og kunne ikkje ane noko.

Vegvesenet hevda derimot at den aktuelle svingen ikkje er spesielt ulykkesutsett, og at fareskilt er unødvendig.

Svingen der Folkman først trudde at ulykka skjedde, ligg i eit område der vegvesenet allereie hadde sett opp fareskilt då ulykka skjedde sommaren 2001. Sidan har også ei rekke andre tiltak kome.

Men den svingen som skulle bli tema for erstatningssaka i går, meiner vegvesenet slett ikkje treng den skiltinga Folkman etterlyser.

Nettopp skiltinga står heilt sentralt i søksmålet, fordi Folkman meiner at klienten ikkje kunne ane noko om faren for ekstremt glatt veg i Halbrendslia.

Folkman representerer bergenskvinna Elin Ordemann, den aller første som krev at Statens vegvesen tar ansvar for eitt av dei svært mange trafikkuhella i Halbrendslia.

Det var 18. august 2001 at Elin Ordemann og nokre vener var på veg frå Molde til Bergen med eit flyttelass, uvitande om alle uhella og medieoppslaga rundt den glatte vegen i Halbrendslia denne sommaren.

Venninne kjørte

Ordemann sat i ein varebil, medan ei venninne kjørte framfor i personbilen hennar. I ein skarp høgresving i byrjinga av Halbrendslia gjekk det rett fram for venninna i Ordemanns 15 år gamle Ford Sierra. Kollisjonen med ein møtande motorsykkel var eit faktum. Ein påfølgjande motorsykkel velta i forsøket på å unngå å køyre inn i dei to. Tre personar vart lettare skada i uhellet, der Ordemanns bil fekk skader i fronten.

I retten sa Ordemann at vegen var så glatt at dei knapt klarte stå oppreist på ulykkesstaden, og at det i deira retning ikkje var skilta noko fare for glatt veg.

Heile strekninga farleg

Overfor Bergens Tidende seier advokat Anders Folkman at dette slett ikkje er ei dårleg sak å få vegvesenets ansvar i Halbrendslia klarlagt. At den aktuelle saka faktisk gjeld ein sving der det ikkje var registrert spesielt mykje problem, er ifølgje Folkman underordna.

— Heile denne vegstrekninga er ekstremt ulykkesbelasta, seier han. - Den har vore såpeglatt og farleg, og ingen skilt varsla min klient om dette. Denne saka vil legge presedens for kor vegvesenet sitt ansvar går i slike saker.

På andre sida av bordet i Sunnfjord tingrett sit statens representant, advokat Gunnar O. Hæreid, og er mildt sagt usamd. Han meiner at vegvesenet ikkje har forsømt seg, at dei har reagert med nødvendige tiltak og at dommen i denne saka ikkje blir av vidare betydning.

— Etter 1995 kjenner eg ikkje til at det har vore andre uhell på grunn av glatt asfalt i denne svingen. Denne saka gjeld ei konkret hending i ein konkret sving., seier Statens prosessfullmektig, advokat Gunnar O. Hæreid. - Difor vil saka slett ikkje avklare kor ansvaret ligg i høve alle dei andre problema som har vore i Halbrendslia.

Fakta/E39 Halbrendslia

  • Sommaren 2001, etter at vegvesenet la nytt vegdekke hausten før, kom stadige rapportar om uforklarleg, ekstremt glatt vegbane og mange utforkjøringar/kollisjonar på dei 6-8 kilometrane av E39 i Halbrendslia i Førde.
  • Berre i månadene mai-oktober 2001 registrerte redningsselskapa 37 hentingar av utforkjørte/kolliderte personbilar på strekninga. Ein av dei var Elin Ordemann, som no krev rundt 40.000 kroner i erstatning frå Statens vegvesen.
  • Ulykkene og uhella utløyste stor debatt lokalt, der Halbrendslia vart Halbrendsklia. Statens vegvesen vart kritisert for å vere for passive, både for manglande skilting og manglande tiltak mot glatta. Forklaringsmodellar som dårleg asfalt, olje- og dieselsøl, feil helling på vegbana vart lanserte.
    1. juli 2001 kom fareskilt om spesielt glatt veg på dei mest utsette delane av Halbrendslia. 27. september kom så skilt om anbefalt fartsgrense 20 km/t i dei ulykkesbelasta svingane.
    • Desse skilta omfatta ikkje den svingen der Ordemanns bil krasja på veg opp Halbrendslia den 18. august 2001. Vegvesenet oppfattar denne svingen ikkje som spesielt utsett.
    • Friksjonstestar utført av vegvesenet viste normale verdiar i Halbrendslia. På dei utsette stadene er vegbana fresa opp (2002). Vegvesenet har målt tverrfallet i vegbana («dosering»), vaska vegdekket fleire gonger og gjort fartsmålingar på strekninga. Uhell skjer framleis hyppig på E39 Halbrendslia. * I retten i går forklarte overingeniør Rune Skår i Statens vegvesen at problema i Halbrendslia synest størst når det kjem regn etter tørre periodar. Han trur det kan skuldast fleire forhold, men at oljesøl ofte er ein del av forklaringa.
    På plass i svingen: Retten var i går på synfaring i svingen der Elin Ordemann (bakerst) fekk bilen sin krasja i 2001. Advokaten henar, Anders Folkman (framme), måtte i går konstatere at dette slett ikkje har vore blant svingane der dei mange trafikkuhella på strekninga E39 Halbrendslia har skjedd. Snarare tvert imot.