ARNE HOFSETH

Nye brannforskrifter gjeldande frå 1. juli 2002 gav kommunane auka slingringsmonn. Før måtte det feiast oftare. No skal kommunen syta for feiing «etter behov og minst én gang hvert fjerde år». Forskrifta gjeld for heile landet, men den einskilde kommunen kan, etter same paragraf, bestemma at det skal feiast hyppigare.

— Meir enn ofte nok

— Brannfaren aukar ikkje fordi om det blir feia sjeldnare enn før, hevdar Trygve Conradi i firmaet Conradi AS.

Den tidlegare brannsjefen i Bergen meiner at pipene bør feiast når det trengst, ut frå korleis det blir fyrt i huset. Dei som fyrer rett, treng ikkje feiing i det heile. Dei kan ringa når dei legg om til nye vaner. Dei som «lusefyrer» med ved, får beksot i pipa, og den går ikkje bort med vanleg feiing, hevdar han.

— Så feiaren kan eigentleg berre halda seg unna?

— Ja, faktisk. Det som trengst for å hindra brann, er spesialfeiing som fjernar sot i pipa, og dessutan feiing av sjølve omnen. Ingen av delane vert gjort under eit ordinært besøk av feiaren, forklarer Conradi.

— Kva fører til pipebrann?

— Som regel beksot i pipa. Ofte skjer det rett etter at feiaren har vore der. Kosten hans har ikkje fjerna beksotet, berre raspa det opp, slik at elden fatnar lettare.

— Kor farleg er ein pipebrann?

— Eg har aldri høyrt at nokon har omkome i ein slik brann. Pipa gir lyd frå seg, fortel at no er ho under testing, og folk får tid til å koma seg ut. Nokre gonger blir det brann i huset, men oftast skjer det berre ei skikkeleg feiing, rett nok dramatisk, seier Conradi.

Som huseigar bør du likevel la feiaren sleppa til. Forsikringsselskapa har som vilkår at forskrifter så vel som kommunale pålegg skal etterlevast. Manglande feiing kan føra til avkorting i forsikringsutbetalinga etter ein brann. Men dei ser helst etter direkte samanheng mellom det aktuelle regelbrotet og årsaka til brannen, får Bergens Tidende opplyst på bransjehald.

Det er Direktoratet for brann og elsikkerhet som har fastsett dei nye reglane med heimel i ei lovendring i juni 2002. Direktoratet overlet til kommunane å avgjera kor ofte det skal feiast, men set ei øvre grense på fire år. Den kan sjølv økonomisk pressa kommunar ikkje overskrida.

Ingen refusjon

— Først når det har gått meir enn fire år sidan siste feiing, kan huseigaren vinna fram med eit krav om refusjon av feieavgifta, seier Morten Halsås i Forbrukarrådet til Bergens Tidende.

— Med mindre det er gjort dårleg arbeid, legg han til.

Brannforskrifta set krav til fagleg tilfredsstillande utføring av feiinga. Feiaren skal mellom anna syta for at all sot vert fjerna og «anbrakt på egnet sted».