Med tommel og peikefinger viser han eit gap på sju-åtte centimeter.

— Då hadde eg vore ferdig, for bilen vart liggjande på taket, seier Botterli.

Han stikk høgre handa fram under dyna på intensivavdelinga på Voss sjukehus, der sjukepleiarane har breidd godt over han.

Eg såg ikkje noko blod der oppe, så eg var ganske sikker på at eg ville overleva

Beinbrot

Berre hovudet, med kutt over naserota, er synleg.

— Alt hende så fort. Eg fekk ikkje tid til å tenkja eller bli redd, og slett ikkje bremsa, fortel montøren. Han har drive snikkararbeid på Voss, og skulle i går ettermiddag heim til Spikkestad for å halda helg.

Ved Holebrua på E16 ved Vossestrand kom smellen.

  • Den møtande brøytebilen kom borti autovernet på si høgre side. Han skar over i mi køyrebane. Kollisjonen var ikkje til å unngå, seier Botterli.

Bilen hans fauk utfor vegen, gjorde kollbøtte og vart liggjande med hjula i vêret, kloss ved elva.

Tilfeldigvis kom Viking sin bergingsbil køyrande rett bak. Bergingsmannen kom straks til, og fekk slått alarm.

  • Eg kunne lea hovud og armar, men beina sat blegg fast. Eg såg ikkje noko blod der oppe, så eg var ganske sikker på at eg ville overleva.

Han har brot i begge beina.

  • Eg kjende ingenting. Dei må ha blitt numne med ein gong.

Fastklemd i 45 minutt

Han rosar både politiet, ambulanse og brannvesen for å kome raskt på plass. Sjølv veit han ikkje kor lenge han blei sitjande fastklemd. I røynda gjekk det 45 minutt.

  • For meg verka dei effektive. Fronten på bilen var knust, og beina mine var fastklemde. Dei måtte arbeida varsamt. Og til sist måtte dei bruka ein jekk for å gjera den samanklemde døropninga større, så dei kunne få ut hovudet mitt, seier spikkestadmannen.

Bjørn Botterli er glad for at han køyrde ein såpass solid bil som Toyota Landcruiser.

  • Ein lettare bil ville eg ikkje ha overlevd i. Han ville blitt fullstendig knust og hamna langt ute i elva, konstaterer han.

Lege Guri Ellingsen ved Voss sjukehus seier at pasienten er stabil, men har fleire brotskadar. Han må rekna med nokre dagar på sjukehuset.

  • Andre må nok trø til på jobben over helga, kjem det frå monteringssnikkaren under dyna.

Framleis glatt

Gårsdagen var likevel langt rolegare for bilbergingsselskapa enn torsdag. Då hadde dei 270 oppdrag i bergensområdet. I går var tilsvarande tal 170.

  • Det ser ut som om folk har forstått alvoret. Av dei som kjørte utfor i dag, hadde ingen sommardekk, seier Åge Angeltveit i NAF Veitjeneste Bergen.

Politiet fekk inn til saman fem vegulykker med personskadar, mot ti i forgårs. Også ved Vegtrafikksentralen var gårsdagen rolegare.

— Det har ikkje vore dei heilt store problema. Men det er framleis glatt, og vi ventar at det vil fryse på, seier Eli Solberg ved sentralen.

Slik blir vêret for Vestlandet framover, i grove trekk:

  • I morgontimane i dag vil det bli glatt på vegane, etter byger og fallande temperatur i løpet av natta. Dermed frys det til. Det er ikkje så veldig lysteleg, seier Steinar Skare ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Han trur snøen blir verande fram til onsdag. Då er det meldt skifte, med mildare temperaturar. Og - ikkje bli overraska - regn.

  • Fram til då er det glatte parti som er faren. Du får ikkje snøslapsen som førte til problem torsdag, seier Skare.

Søndag kveld er det også utrygt for byger i kyststrøk.

FLAKS: E16: Bjørnar Botterli var på veg heim då ulykka skjedde ved Hole bru langs E16. Han blei pressa av brua av ein brøytebil - men hadde, trass alt, marginane på si side. Det var fem personulukker i går i Hordaland politidistrikt - halvparten så mange som i snøkaoset torsdag. FOTO: Arnstein Karlsen