— Etter at vi dei siste åra har vore gjennom dramatiske reduksjonar innanfor alle kommunale område, ser vi no lysare på situasjonen. I fjor hadde vi overskot på drifta for første gong. 2006 ser ut til å bli eit veldig godt år og skatten strøymer inn i kommunekassen, seier rådmann Rolf E. Nøstdal.

Men gudane skal vita at Austevoll har mykje å ta att etter år med nedprioritert vedlikehald inni og utanpå kommunale bygg. Eit par båtlengder frå Møgster- og Stangeland-karane sitt staselege Alfabygg, som representerer milliardverdiar innan marin og maritim aktivitet, ligg rådhuset på Storebø. Byggets miserable tilstand speglar tidene som kommunen har vore gjennom.

Dei dårlege tidene sette inn med omlegginga av selskapsskatten i 1998. Aksjeselskapa i Austevoll måtte no betala skatten sin til Oslo, med eit tap for kommunen på 28 millionar kroner berre i år 2000.

Dagbøter

Trass auka inntekter vil kommunen måtta leva med ille utsjåande bygningar enno i lang tid, ifølgje rådmannen. For først må gamle underskot betalast, og så må innemiljøet på skulane bergast. Arbeidstilsynet trugar med dagbøter dersom ikkje skuleelevane straks får betre luft å pusta i.

— Vi har fått pålegg på dei fleste skulane, og er nøydde til å gripa fatt i det. I utgangspunktet har vi ikkje pengar på 2007-budsjettet, men vi må berre finna dei, seier rådmann Nøstdal. Det er tale om 8-12 millionar kroner, eller rundt ein tredel av det fiskebåtreiarsøskena Tor Østervold og Astrid Taranger hadde i inntekt i fjor.

Svarteliste

Austevoll kommune har lenge stått på fylkesmannen si svarteliste over kommunar med så svak økonomi at dei må ha spesialgodkjenning for nye låneopptak. Kommunen vil vera på lista i mange år, fryktar Austevolls øvste byråkrat.

— Likviditetsproblema våre har gjort at vi til tider ikkje har greidd å betala rekningar ved forfall, men det greier vi no, seier Nøstdal.

To gonger har kommunen bede om utvida driftskreditt for å makta å betala lønn til dei tilsette. Kommunen har 100 millionar kroner i lån, og ingen reservar.

— Reglane for selskapsskatt er modifisert, og har gjort det noko lettare for oss. Og statsbudsjettet for 2007 ser ikkje så verst ut, seier rådmannen optimistisk.

— Nedskjeringane har ført til stor slitasje på dei tilsette i sjukeheimane. Eg trur likevel vi har greidd å yta rimeleg god service til innbyggjarane, meiner rådmannen.

OVE A. OLDERKJÆR
OVE A. OLDERKJÆR