Statens vegvesen har i denne tida utført omfattande sikringstiltak i rasområdet. Kostnadane med sikringsarbeidet i Fatlaberget vert ikkje belasta tunnelprosjektet, men vert dekka av driftsmidlane til eksisterande vegnett, skriv Vegvesenet i ei pressemelding.

Ferjesambandet Hella – Vangsnes – Dragsvik er i normal drift 23. mars frå kokka 1150, og på Mannheller – Fodnes går sambandet som normalt frå klokka 1300. Sikringstiltak

Området ovanfor der det vart sprengt 1. mars er blitt ekstra sikra med nett og boltar. Elles er rasrenna nedanfor spylt med 120 000 liter vatn frå helikopter. Området er deretter kontrollert og reinska manuelt. Langs hammaren over vegen er det sett opp 150 meter steinsprangnett. Rasekspertane seier at etter desse tiltaka er tryggleiksnivået gjennom dette partiet i Fatlaberget minst like godt som det var før raset som gjekk 5. februar, skriv Vegvesenet.

Arbeidar skadd

Allereie 5. februar gjekk det eit ras i Fatlaberget. Vegen var då stengd i samband med spreng-ing ved tunnelpåhogget ved Fatlaelva. Etter raset rådde geologane til at ei laus fjellblokk måtte sprengjast bort, noko som vart gjort torsdag 1. mars. Nedsprenginga resulterte i eit ras av langt større omfang enn det Vegvesenet hadde føresett. Raset sopa med seg sikringsgjerdet, og gjorde elles skade på vegen. Vegen har sidan vore stengd.

6. mars vart ein arbeidar som arbeidde med oppsetting av nytt fangnett treft av stein i ryggen og måtte fraktast til sjukehus. Etter arbeidsulukka vart sikringsarbeidet i Fatlaberget stogga. Det var då vanskelege vertilhøve, og arbeidet med nytt fangnett vart ikkje teke opp att før veret var betre.