Det rasfarlege partiet på vegen mellom Sogndal og Leikanger blei stengd ved middagstider i går. Årsaka var mel-dingane om store nedbørsmengder.

I følgje vegvesenet har det kome ned stein i vegbana. Dei store nedbørsmeng-dene gjorde dessutan at omkøyringsvegen forbi tunnelpåhogget mot Hermansverk fløymde over.

Ei båtrute har siste døgnet frakta passasjerane forbi det rasutsette område. For biltrafikken blei det sett opp ferje frå Hella til Kaupanger.

Se også: Oppdaterte vegmeldinger fra Statens vegvesen