Arbeidsgjevarar i Leikanger og Sogndal kjem no folk i møte i kravet om båttransport forbi det rasfarlege Fatlaberget. I oktober gjekk det et dødsras i området. Båtruta er open for alle, både pendlarar, skuleelevar og andre. Personbåten vil gå tur/retur Hermansverk-Slinde to gonger kvar morgon og kvar ettermiddag. Alle bussar, også skuleskyss, vil gå som vanleg i perioden. Elevar på strekninga Hella-Leikanger må sjølve skaffe skyss til båten, då båt— og skulebusstidene ikkje korresponderer, melder Sogn og Fjordane fylkeskommune i en pressemelding.

16. oktober omkom ei kvinne i ras i området.

Må ha 100 enkeltturar kvar dag

Båtruta er sett opp som ei prøveordning frå 19. november til og med 21 desember 2007. Men ein vidareføringsperiode frå 2. januar til 14. mars er også med i avtalen. Ei vidareføring av båtruta vert vurdert dersom det er fleir enn 100 enkeltpassasjerar på båtruta kvar dag i perioden fram til jul. Avgjerda skal takast 14.desember, i eit møte leia av ordføraren i Leikanger.

Økonomisk spleiselag

Det var 13 private og offentlege verksemder i Leikanger og Sogndal som torsdag vedtok å etablere båtruta. Dette vert eit økonomisk spleiselag, der Sogn og Fjordane fylkeskommune dekker ein tredjedel av nettokostnadane. Dei andre arbeidsgjevarane deler resten av nettokostnadane mellom seg, etter kor mange pendlarar dei har. Fylkeskommunen administrerer båttransporten.

Klyppekort

Fylkeskommunen vil selge klyppekort om bord i båten. Pris per tur for vaksne og born er kr. 30,-. Eit klyppekort på 10 turar kostar kl 225,-. Born under 4 år reiser gratis, og skuleungdom reiser gratis mot å vise skuleskysskort der strekninga inngår.

Dersom vegen forbi Fatlaberget vert stengt av Statens vegvesen grunna rasfare, vert båttransporten gratis, og rutetilbodet utvida. Nærare informasjon vil koma dersom slike situasjonar oppstår. Skuleelevar busett på strekninga Hella Leikanger må sjølve koma seg til båten, då skulebussen ikkje korresponderar med båtruta.