Opp til halvannan time risikerer ein å venta ved Hettetunnelen mellom Vaksdal og Stanghelle, etter det nye opplegget. Eit rasfarleg parti ved austenden av tunnelen skal sikrast.

— Dette er noko heilt anna enn det vi fekk tredd ned over hovudet sist veke. På berre 12 dagars varsel kom beskjeden om at vegen praktisk talt vil vera stengt til våren. Faste opningstider er det råd å tilpassa seg, seier Stig Jordalen ved Dale Trafikksenter AS.

Han har eit godt utval vinterdekk å selja, og ville gått på sviande tap om Vegvesenet hadde sendt alle kundane via Hardanger. Innkjøp er avtala for lenge sidan.

Tilpassar seg — Det mest effektive ville sjølvsagt vore å stenga vegen heilt, men vi prøver å tilpassa oss dei innspel som kjem, så langt vi kan, seier Sigfred Sivertsen, distriktssjef i Statens vegvesen avd. Voss og Hardanger.

— Dei meir lempelege opningstidene fekk vi til i eit konstruktivt møte med entreprenørane måndag, seier Sivertsen.

Ordninga gjeld for dei åtte første vekene av prosjektet, fram til 27. november. Då treng ein dagslys til arbeid i fjellsida rett aust for tunnelen. Seinare vert det mykje nattarbeid inne i tunnelen, mellom anna fornying av lys og leidningar.

— Kva skjer når betongportalen i tunnelmunningen skal forlengast med 35 meter?

— Også i denne perioden vert det minst mogeleg stenging på dagtid. Forskalinga blir bygt slik at det er passasje i eitt felt, og trafikken blir lysregulert. Men det kan godt henda at vegen må stengjast heilt i nokre økter. Det blir vurdert og kunngjort etter kvart, seier Sivertsen.

Arrogante Stian Jordalen er sjeleglad for at Vegvesenet har snudd, men han er framleis arg. Han kvir seg ikkje for å stempla vegfolk som ignorante og arrogante.

— Sjå her! Her er det ein som seier til lokalavisa at omkøyring om Hardanger er greitt, difor er dette berre eit problem for lokaltrafikken.

Han blar opp i avisa som han triv frå salsstativet.

— Berre! Har dei peiling på kor store problem dei skapar for lokalsamfunna langs vegen? Kor store kostnader samfunnet blir påført når dei skal spara nokre kroner.

Jordalen får støtte av vogntogførar Øystein Opedal som er innom for å kjøpa vinterdekk til privatbilen.

— Halvannan times stopp, eller lengre veg over Hardanger, har mykje å seia for lastebilnæringa. Du må ikkje tru at slikt blir kompensert med lempingar på køyre- og kviletidsreglane, seier han.

RASSIKRING: Betongportalen i Hættatunnelen skal støypast 35 meter lengre, nesten bort til vegskiltet på høgre side. For å unngå innsnevring av vegen, må det sprengjast to meter inn i fjellveggen for å få plass. Dessutan skal fjellklatrarar reinska ned laus stein opp til 150 meter over vegen.
Arne Hofseth