Det er ikkje først og fremst unge, fortvilte tenåringsjenter som oppsøkjer bergenskontoret til AAN (Alternativ til abort i Norge) — slik ein kunne tru.

2002-statistikken viser at berre atten prosent av alle gravide som tok kontakt med AAN i fjor, var i aldersgruppa 16-19 år. Tala viser at den største gruppa var mellom 20 og 25 år, og utgjorde heile 38 prosent av brukarane. Det er ti prosent fleire enn året før.

— Den typiske brukaren har fast jobb eller er under utdanning. Dei er blitt uønskt gravide med sin faste partnar, og dei færraste har brukt prevensjon, fortel dagleg leiar ved AAN-kontoret i Bergen, Elisabeth Johannesen.

Om økonomi og barnefaren

Berre tretten prosent i denne gruppa hadde brukt prevensjon.

— Kvifor ikkje, når dei ikkje ønskjer å bli gravide?

— Vi veit ikkje heilt kva grunnen er. Men dei er såpass vaksne at det å få barn og stifte familie ikkje er så framandt som då dei var 16 eller 19 år. Eit par kan tenkje ulikt om framtida og det å få barn, og fleire andre psykologiske faktorar kan også spele inn, seier Johannesen.

Det er heller ikkje først og fremst for å få råd om abort at gravide oppsøkjer AAN-kontoret. Tvert imot er det spørsmål om økonomi, bolig og trygd kvinnene er mest opptekne av.

Dessutan vil dei gjerne snakke om forholdet til barnets far.

— Kanskje er forholdet ganske nytt og usikkert, eller i ferd med å bli avslutta, fortel Johannesen.

— Mange av kvinnene føler at dei er i ei livskrise, er sårbare og opplever livet som kaotisk. Derfor kan dei ha behov for å avklare spørsmål både om forholdet, livssituasjonen og framtida.

Tar med barnefaren

Kvar åttande kvinne tok barnefaren med til samtalane i fjor.

— Vår erfaring er at paret har ulike reaksjoner på det å bli gravid på dette tidspunktet i livet, og det kan oppstå konfliktar, seier Johannesen til BT.

— Burde vaksne kvinner ha eit meir bevisst forhold til prevensjon?

— Eg trur det er viktig at paret er tydeleg overfor kvarandre i spørsmål om dei ønskjer barn i forholdet. Då har begge partar anledning til å bruke prevensjon.

578 brukarar oppsøkte AAN-kontoret i Bergen i fjor.