Laurdag gjekk første salva i sprenginga av den nye tunnelen bakom Uføro på Stord, det berykta og smalaste stykket på E39. Her heng vegen såvidt på ei hylle i stupbratte fjellet over brådjupe Langenuen.

Mang ein langtransport— og bussjåfør har fått uønskte stopp og spegelkrasj på dette partiet mellom Jektevik og Agdestein. Men utruleg nok har det vore langt mellom dei alvorlege trafikkulukkene i Uføro, som blei fullført som bilveg i 1965.

Bompengar, sjølvsagt

Når staten ikkje hadde midlane til å gje

E39 over Stord ei anstendig breidde og gul midtstripe, var det sjølvsagt trafikantane som måtte trø til også her.

I to år er det kravd ekstra bompengar på ferja Halhjem-Sandvikvåg etter initiativ frå Stord og Fitjar kommunar. I alt skal det hentast inn 80 millionar kroner, vel 12 millionar i året. Staten legg ein tilsvarande sum på bordet, slik at det blir nok til å gje heile E39 mellom Leirvik og Sandvikvåg ein brukbar standard, ifølgje prosjektleiar i vegvesenet, Rolf Harkestad.

Ferdig før jul

I løpet av hausten i år blir den 650 meter lange tunnelen bak Uføro og den vel kilometer lange parsellen på Agdestein ferdig. Heile den ulukkesbelasta strekninga til Sandvikvåg får gul midtstripe før 2006.

Ein gong innan dei neste tjue åra er det meininga at påkoplinga til Tysnesbrua over Langenuen kjem ved Jektevik der den nye tunnelen kjem ut.

Då bilvegen forbi Uføro under Kattnakken var ferdig i 1965, var det gått heile 89 år sidan Stord og Fitjar søkte om å få veg rundt heile Stordøya. I ventetida vedtok Stord heradsstyre i 1912 å byggja ein gang- og rideveg forbi det vanskelege partiet, ifølgje Stord bygdebok.

FORBI UFØRO: Laurdag starta sprenginga av den 650 meter lange tunnelen bak den berykta Uføro på E39 ved Jektevik.<br/>Foto: BJØRN ØSTREM