— Så vert dei ståande desse tre; tru, håp og kjærleik, og størst blant dei er kjærleiken, sa Fimreite. Dei velkjende orda frå korintarbrevet fann ei anna og djupare meining i gravferda til Ronny Stenhaug Granrud (27) i Os kyrkje fredag.

Ei låg vintersol lyssette det vakkert pynta kyrkjerommet der familie, vener og kollegaer var samla for å ta farvel med 27-åringen. Kontrasten var stor til den mørke uvêrsdagen fire dagar tilbake då Ronny Stenhaug Granrud mista livet i rasulukka i Hetlebakkvegen i Åsane. Kontrastane i livet vart også eit sentralt tema i talen til prest Per Fimreite.

— Dagar og år var planlagde, men kom aldri, sa ein tydeleg prega Fimreite, som framleis hadde klart i minne det lukkelege brureparet han hadde hatt framom seg berre nokre månader tidlegare.

Ronny Stenhaug Granrud mista livet på det presten omtala som «den lange måndagen». Då dagen var omme var vona om at dei illevarslande meldingane frå rasstaden berre skulle vera ei misforståing bytta ut med dødsbodskapen.

— Det er vondt å vera menneske akkurat no. Det er sjølve livet som blør, sa Fimreite, som minna om det lyset Ronny Stenhaug Granrud etterlét seg i mange liv. Han teikna eit bilete av ein omtykt ektemann, far, son, bror og ven.

Med røter i Trøndelag og i Os hadde Ronny Stenhaug Granrud hjartet sitt både på fødestaden Ørlandet og heimkommunen Os.

Ei siste helsing frå kona Randi Kolskogen vart lest opp av prest Per Fimreite. Ho omtala ein elska ektemann som si tvillingsjel, som ho lo med og drøymde med.

Veslebroren Christer takka Ronny Stenhaug Granrud for alt, med ei kort, men talande helsing til «den beste storebroren i verda».

Frå arbeidskollegaene i Hummelvoll Industribelegg framførte presten ei lengre helsing. Helsinga fortalde om ein utrøytteleg humørspreiar, ein dyktig fagmann, som søkte utfordringar og som ytte 110 prosent i alt han føretok seg. Han var støypar og stolt av yrket sitt.

Ronny Stenhaug Granrud vart gravlagd på Kuventræ kyrkjegard.

SISTE FARVEL: Familie, vener og kollegaer var i går samla i Os kyrkje for å ta eit siste farvel med Ronny Stenhaug Granrud (27) som mista livet irasulukka i Åsane måndag. Det var her i same kyrkja han gifta seg forberre vel to månader sidan.
RUNE NIELSEN