— Her ved båra til ein fallen soldat og kamerat er det uråd å skildra sorga vi føler. Av dei 300 som kom nye til leiren sist haust skilde Vegar seg klart ut, han var eit leiaremne som tenkte meir på laget enn seg sjølv og som alltid heldt humøret oppe, sa Vegar Steinslands troppssjef, vognkommandør Tord Lindelid i gravferdsseremonien i Moster kyrkje.

28 soldatar frå troppen i Rena leir i Hedmark og tre gardistar kom over for å delta i gravferda. Ei overfylt kyrkje måtte venta i ein halv time på soldatane fordi flyet deira hadde vanskar med å landa i tåka på Haugesund lufthavn.

Krans frå Kongen

Ein trompetfanfare frå ein av Kongens gardistar var startsignalet for ein seremoni, der det var ei lang rekkje talar og kransenedleggingar. Vener av den omkomne frå pinsemenigheten Sion framførte songar.

På båra blei det lagt over femten kransar, blant anna frå Kongen, Forsvaret og Steinslands tropp. Vegar Steinsland, gravlagt dagen etter at han ville fylt 20 år, fekk uvanleg gode skussmål, frå familiemedlemmer, Rena-troppen, Framnes vidaregåande skule og frå vener.

— Du var ein fantastisk god gut som skapte fred rundt deg, og som alltid var smilande. Takk for smilt, lått, for omsorg, for at du var glad i familien din, for trua di og for det førebildet du var, sa faren, Rolf Steinsland.

Vegar Steinsland var aktiv innan idrett og musikk. Han tok fridykkarsertifikat som 13-åring. Han tok tidleg del i den lokale pinsemenigheten sitt ungdomsarbeid, og reiste utanlands for «Ungdom i oppdrag» frå han var tolv. Steinsland hadde lagt planar om å utdanna seg til sivilingeniør i Trondheim eller Frankrike.

- Var slitne

Då ulukka i Rena leir skjedde sist torsdag kveld, var det nest siste dagen på panservognøvinga.

— Vi hadde slite fysisk og psykisk og var trøytte. Like før vi skulle starta eit åtak, slappa vi av med å grilla pølser og prata. Vegar var i godt humør som vanleg. Idet eg gav ordre om at soldatane skulle setja seg opp og starta åtaket, skjedde det fatale, fortalte troppssjef Lindelid.

Panservogna som Steinsland og ti andre soldatar sat i kom borti eit tre med kanonløpet. Løpet skifta retning og traff Steinsland i hovudet. Ulukka er under gransking av både politiet og ein ulukkeskommisjon i Forsvaret.