Halvparten av dei 30 drektige søyene til Tore Atle Sørheim på Stord har han sjølv inseminert. Ved hjelp av fersk sæd sendt med buss frå Bergen før jul.

— Eg plar seia det slik at eg og vêren min Batty deler på jobben, seier Tore Atle Sørheim med eit smil.

Leiaren i sauesalslaget på Stord var blant dei første som tok i bruk semin i saueformeiringa. Og no er dette blitt meir og meir vanleg, ikkje minst etter dei store scrapieutbrota på Vestlandet.

— Men me vil aldri greia oss utan vêr på garden. Han må til for å finna ut kven av søyene som er villige, seier Tore Atle Sørheim.

Hentar på bussen

— Anten kjøper me frosen sæd frå Staur ved Hamar. Eller vi får fersk sæd sendt frå Blindheim i Åsane, der Hordaland sau- og geitalslag har tappestasjon, forklarer Sørheim.

— Når ei av søyene er klar, sender me faks med bestilling til Bergen om morgonen. Og så hentar me sæden på Kystbussen på Leirvik klokka 14.20. Sæden er haldbar i tolv timar, men jo raskare inseminert, jo betre.

Tore Atle Sørheim har buskapen sin i leigd løe med innmark på Ådland. Her held dyra beitelandet fint i hevd. Det er stor tilstrøyming av folk som vil sjå lamma om våren.

Hektiske veker

— Lamminga går føre seg over om lag to veker. Då må me vera på plass både dag og natt. Av og til overnattar eg i høyet på låven, fortel Sørheim.

Tore Atle Sørheim og kollega Lars Stuva hjelpest åt både med inseminering og lamming. Stuva har installert eit soverom inntil sauefjøset til bruk under lamminga. Begge er med i seminringen for Ytre Sunnhordland.

Lamma er attraksjonar spesielt for ungar. Svarte lam tiltrekkjer seg mest merksemd. I går klokka 17 fekk ei av Sørheims søyer to blæserlam med karakteristiske svart-kvittsjatteringar på hovudet.

Sørheim har rasane svart spelsau, norsk kvit sau, rygja og blæser. Med kjøpt sæd frå Bergen eller Staur kan ein nesten velja kva farge og rase ein vil ha.

Fordelen med inseminering er at smittespreiinga blir redusert. Ulempa er mindre reising og bedekning for vêren.

KRULLA VÅRTEIKN: Lamminga er i full gong. Tore Atle Sørheim på Stord er blant sauebønder som for tida går døgnvakt i fjøset.
FOTO: OVE OLDERKJÆR