Framlegget har skapt harme hos dei tilsette som trudde arbeidsplassane var sikra då dei fekk det nye regionkontoret for Vestlandet. I dag er det om lag 130 tilsette ved vegkontoret på Leikanger.

Det er eit regionutval som har komme med utgreiinga der dei skisserer 40 tilsette ved vegkontoret. Utvalet vil flytte ein god del av dagens arbeidsplassar ved Leikanger-kontoret til eit distriktskontor i Førde, melder NRK Sogn og Fjordane.