Bybussane i Florø og Førde, dei to største sentra i fylket, går jamt og trutt frå tidleg morgon til seint på kvelden. Om helgane går dei også eit stykke fram på natta. Det har dei gjort sidan 1995.

Dei to busstilboda var ein stor suksess første åra.

— Bybussen har hatt parallell utvikling dei to stadene. Første åra var veksten stor. Men i 2003/2004 såg vi at det snudde. Auken i passasjertal stoppa, og har sidan gått tilbake. Det har skjedd sjølv om vi har utvida rutetilbodet, seier Bjørn Nordberg, administrerande direktør i Firda Billag, selskapet som køyrer dei to bybussane.

I fjor blei det løyst 400.000 billettar på dei to bybussane. Dette er ein nedgang på fem prosent frå 2006. Også frå 2005 til 2006 gjekk passasjertalet ned med kring fem prosent.

— Har du noko forklaringa?

— Vi meiner vel at takstane er noko høge, og har teke dette opp med fylkeskommunen. Minstetaksten er i dag 25 kroner, og vi har bedt fylket sjå på om dei ikkje kan setje ned billettprisen. Så langt har vi ikkje fått noko tilbakemelding.

Sjølv om talet på reisande har gått noko ned, er Nordberg likevel rimeleg nøgd med at så mange tek buss i dei to sunnfjordbyane.

— Vi har fått mange tilbakemeldingar frå rutebilselskap andre stader i landet som har blitt imponerte over passasjertalet. Florø og Førde er trass alt ikkje så store plassar, seier direktøren.