I region vest var det ein nedgang på 2,4 prosent, melder Kystradioen.

Nordhordlandsregionen hadde ein nedgang på 0,7 prosent, medan talet på bussreisande på Osterøy gjekk ned med to prosent.

Direktør for bussdrifta i HSD, Frank Ådland er lite glad for at færre brukar bussane.

— Dette er ein trend som har vore i fleire år. For region Vest skyldast nedgangen i talet på reisande at fylkespolitikarane la ned fleire bussavgangar frå Askøy til Bergen for å sikre drifta av hurtigbåten Beinveien, seier Ådland til Kystradioen.